Livin' on the Fault Line er det sjuande studioalbumet av det amerikanske rockebandet The Doobie Brothers, utgjeve 19. august 1977 på Warner Bros. Records. Det er eit av dei få Doobie Brothers-albuma i 1970-åra som ikkje gav dei ein topp 40-hitt på Billboard Hot 100 (sjølv om «You Belong to Me» var ein hit som vart spelt inn av medlåtskrivaren Carly Simon). Albumet fekk middels god kritikk. Tom Johnston (gitar, vokal) slutta i bandet tidleg i innspelinga. Han er oppført som ein del av bandet (og er med på fotografiet på innsida av omslaget), men er lite eller ikkje med i det heile tatt på plata, trass i at han skreiv og song på fem songar under innspelinga av albumet. Desse fem songane kom derimot ikkje med på det endelege albumet. Det meste av albumet er nokså dempa med ein smak av jazz, og påverknaden av R&B er til og ta og føle på gjennom det heile. Sporet «Little Darling (I Need You)» er ein versjon av Marvin Gaye-hitten frå 1966.

Innhald

Medverkande The Doobie Brothers: Patrick Simmons – elektrisk og akustisk gitar, solo- og korvokal Jeff Baxter – elektrisk og akustisk gitar Michael McDonald – elektrisk piano, piano, orgel, synthesizer, solo- og korvokal Tiran Porter – bass, korvokal, solovokal på «Need a Lady» Keith Knudsen – trommer, korvokal John Hartman – trommer

Additional Players: Bobby LaKind – conga, korvokal Dan Armstrong – elektrisk sitarsolo på «Need A Lady» Norton Buffalo – munnspel på «There's A Light» Victor Feldman – vibrafon på «Livin' On The Fault Line» Rosemary Butler – korvokal på «Little Darling (I Need You)», «You Belong To Me» og «There's A Light» Maureen McDonald – korvokal på «You're Made That Way» Ted Templeman – perkusjon David Paich – strykar- og blåsararrangement på «You're Made That Way», «Little Darling (I Need You)», «You Belong To Me» og «There's A Light», strykararrangement på «Nothin' But a Heartache»

Produksjon Produsent – Ted Templeman Produksjonskoordinasjon – Beth Naranjo Lydteknikar – Donn Landee Andre lydteknikar – Kent Nebergall Fotografi og design – Bruce Steinberg Fotografi på innsida av omslaget – Michael Zagaris Luftfoto – Roger Glenn Handfarga – Kristin Sundbom Management – Bruce Cohn Publisitet – David Gest

Salslister Album ÅrListePlassering1977Pop Albums10

Singlar ÅrSingelListePlassering1977«Echoes of Love»Pop Singles661977«Little Darling (I Need You)»Pop Singles48

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Livin' on the Fault Line» frå , den 6. november 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1977 Kategori:The Doobie Brothers-album Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Album produserte av Ted Templeman Kategori:Album spelte inn i Sunset Sound Recorders Kategori:Album spelte inn i United Western Recorders