Verdscupen i langrenn i 1978-sesongen omfatta 12 individuelle tevlingar og 4 stafettar, alle for menn. Tevlingane tok til 15. desember 1977 i og vart avslutta 11. mars 1978. Dei tolv individuelle renna bestod av seks tevlingar over 15 kilometer, fire over 30 km og to 50-kilometerar. Renna fann stad i Telemark i Wisconsin i USA, Davos (2) i Sveits, Kastelruth i Italia, Reit im Winkl (2) i Vest-Tyskland, Ramsau am Dachstein i Austerrike, Le Brassus (2) i Sveits, Lahti (3) i Finland, Falun (2) i Sverige, og Oslo (2) i Noreg.
Sven-Åke Lundbäck frå Sverige vann FIS]-pokalen og to enkeltrenn. Også landsmannen Thomas Wassberg vann to tevlingar, medan Heikki Torvi, Juha Mieto, Matti Pitkänen, alle Finland, Giulio Capitanio frå Italia, Jean-Paul Pierrat frå Frankrike, Sergej Saveljev frå Sovjetunionen, Józef Łuszczek frå Polen og norske Magne Myrmo vann kvar sitt verdscuprenn.
Individuelt Plass Utøvar Land Poeng 1 Sven-Åke Lundbäck 124 2 Lars Erik Eriksen 102 3 Magne Myrmo 96 4 Thomas Wassberg 86 5 Juha Mieto 84 6 Giulio Capitanio 84 7 Józef Łuszczek 80 8 Maurilio De Zolt 77 9 Juhani Repo 59 10 Jean-Paul Pierrat 59 11 Matti Pitkänen 58,5 12 Oddvar Brå 46 13 Jíři Beran 43 14 Ulrich Kostner 43 15 František Šimon 42 16 Ove Aunli 42 17 Odd Martinsen Benny Södergren 42 19 Alf-Gerd Deckert 39 20 Thomas Magnusson 35 21 Heikki Torvi 33 22 Gert-Dietmar Klause 32 23 Bill Koch 30
Kjelder Sportsboken 78-79. Dreyer Bok Stavanger. 1978.
Kategori:Nordiske greiner 1978