Pieces of the Sky er det andre studioalbumet til USA-amerikanske countryartisten Emmylou Harris, gjeve ut i februar 1975 på Reprise.
Sjølv om hadde gjeve ut det relativt obskure visemusikkalbumet Gliding Bird fem år tidlegare, vart Pieces of the Sky albumet som lanserte karrieren til Harris og vert rekna som debuten hennar. I åra i mellom hadde ho skapt eit musikalsk samarbeid med Gram Parsons som endra den musikalske retninga i karrieren hennar. Albumet inneheld den første Billboard-countryhitten hennar, med «If I Could Only Win Your Love», som nådde fjerdeplassen på lista. «Too Far Gone» (opphavleg ein hit i 1967 for Tammy Wynette) nådde berre 73. plassen på lista. Songutvalet var variert og synte tidleg kor eklektisk musikksmaken til Harris var. I tillegg til hennar eigen «Boulder to Birmingham», som var skriven for Gram Parsons som døydde året før, inkluderte ho Merle Haggard-klassikaren «The Bottle Let Me Down,» The Beatles sin «For No One» og Dolly Parton sin «Coat of Many Colors.» Parton spelte til gjengjeld «Boulder to Birmingham» i 1976 på albumet hennar All I Can Do. På Shel Silverstein sin «Queen of the Silver Dollar», syng den mangeårige venen og duettpartnaren til Harris, Linda Ronstadt, syng harmoni.
Pieces of the Sky nådde sjuandeplassen på Billboard-countrylista.
Allmusic skreiv om albumet: «Den første plata hennar på eit større selskap er eklektisk på modig vis, upåklageleg utført og så vakkert at det gjer vondt. Midt mellom ei samling songar er høgdepunktet på albumet med ein av Harris sine få originale songar, 'Boulder to Birmingham', som er den rørande hyllesten hennar til den falne mentoren Gram Parsons».
Pieces of the Sky vart inkludert i Robert Dimery-boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.
Innhald
Medverkande
Emmylou Harris – vokal, akustisk gitar Brian Ahern – akustisk gitar, gitar, bass Bruce Archer – akustisk gitar Duke Bardwell – bass Byron Berline – fele, mandolin James Burton – elektrisk gitar, nylonstrengsgitar, dobro Mark Cuff – trommer Rick Cunha – akustisk gitar, gitar Nick DeCaro – strykearrangement Amos Garrett – elektrisk gitar Richard Greene – fele Tom Guidera – bass Glen Hardin – piano, elektrisk piano, strykearrangement Ben Keith – pedalsteelgitar Bernie Leadon – akustisk gitar, bass, banjo, dobro, korvokal Bill Payne – piano Herb Pedersen – akustisk gitar, 12-strengsgitar, banjo, korvokal Danny Pendleton – pedalsteelgitar Ray Pohlman – bass Linda Ronstadt – korvokal Ricky Skaggs – fele, bratsj Fayssoux Starling – korvokal Ron Tutt – trommer
Teknisk Brian Ahern – produsent, lydteknikar Chris Skene – lydteknikar Paul Skene – lydteknikar Fran Tate – lydteknikar Stuart Taylor – lydteknikar Lisa Phillips – engleteikningar på omslaget
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pieces of the Sky» frå , den 11. november 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Emmylou Harris-album Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:Album produserte av Brian Ahern Kategori:Reprise Records-album