Joyce «Baby Jean» Kennedy () er ein USA-amerikansk songar frå Chicago.
Kennedy gav ut den første singelen sin i 1963, som ho fekk spelt inn med hjelp av Andre Williams. Songen heitte «Darling I Still Love You», og vart ein lokal hit.
Kennedy møtte Glenn Murdock, som tidlegare hadde spelt i The Vondells og dei skipa ein duo i lag og seinare gifta dei seg. Duoen skipa bandet Mother's Finest med Gary Moore og Jerry Seay på høvesvis gitar og bass.
Mother's Finest gav ut fleire album for RCA og Epic Records, og varma opp for artistar som Ted Nugent, Black Sabbath, The Who, Aerosmith og AC/DC. Bandet tok seg ein pause tidleg i 1980-åra, medan Kennedy satsa på ein solokarriere. Dei kom saman att i 1989 for albumet Looks Could Kill.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Joyce Kennedy» frå , den 22. desember 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Folk frå Anguilla i Mississippi Kategori:Afroamerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske funk-songarar Kategori:Musikarar frå Mississippi Kategori:Musikarar frå Chicago Kategori:USA-amerikanske kvinnelege rockesongarar