PlayStation 2, offisielt forkorta til PS2, er ein spelkonsoll utvikla av Sony. Han er oppfølgjaren til PlayStation og forgjengaren til Playstation 3 (som blei lansert i november 2006). Utviklinga av maskina blei offentleggjort i mars 1999, og blei først lansert i Japan 4. mars 2000, i Nord-Amerika 26. oktober 2000 og i Europa 24. november 2000.
PS2 er den raskast seljande konsollen i historia, med over 150 millionar selde einingar i januar 2011; maskina slo dermed PlayStation med tre år og ni månadar. PlayStation 2 selde òg meir enn sine konkurrentar, Xbox, Xbox 360 og GameCube, i Nord-Amerika og Japan.
Historie Utviklinga av PlayStation 2 blei først annonsert i mars 1999, men var ikkje utgjeve før 2000. Kunngjeringa var nok til å bremse drivkrafta for Sega Dreamcast sin nordamerikanske lansering, til tross for at Dreamcast hadde eit forsprang i denne generasjonen."PlayStation 2 Timeline". GameSpy. side 3. Rett etter utgivinga, var det vanskeleg å finne PS2 einingar på forhandlarens hyller"PlayStation 2 Timeline". GameSpy. grunna produksjonsforsinkingar. Eit anna alternativ var å kjøpe konsollen direktekopla gjennom auksjonsnettstader som eBay, der folk betalte over tusen dollar for ein PS2. PS2 selte i utgangspunktet godt delvis på grunnlag av styrken på PlayStation-merkevara. Ein dag etter lanseringa hadde konsollen selt over 980.000 einingar i Japan. Dette gav PS2 løyve til å tappe det store installasjons utgangspunktet oppretta av PlayStation - eit anna viktig salsargument framfor konkurrentane.
Sjølv om Sega kunngjorde avviklinga av Dreamcast i mars 2001, ville PS2 møte konkurransen frå nyare konkurrentar; Microsofts Xbox og Nintendo GameCube.
Mange analytikarar spådde ein tett tre-vegs ”matchup” mellom dei tre konsollane; Xbox hadde den mektigaste maskinvara, medan GameCube var den billegaste konsollen og Nintendo endra prinsippa sine for å oppmuntre tredjepartsutviklarar. Så medan PlayStation 2 teoretisk sett hadde dei svakaste spesifikasjonane av desse tre, hadde han eit forsprang grunna av sin installerte basis og sterk utviklar engasjement.
Sony imøtegjekk Xboxen mellom anna ved å midlertidig sikre PlayStation 2 eksklusivt for etterlengta spel som Grand Theft Auto-serien og Metal Gear Solid 2:. Sons of Liberty.http://money.cnn.com/2002/05/14/technology/ps2_pricecuts/ Morris, Chris (May 14, 2002). "Sony slashes PlayStation prices: Preemptive move undercuts competition and could spark video game price war". CNN.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Playstation 2» frå , den 12. august 2012.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Kategori:Sony Computer Entertainment Kategori:PlayStation 2 Kategori:Spelkonsollar