mini|Furtwangen sett frå nord
Furtwangen im Schwarzwald er ein by med ikring 9 000 ibuarar sørvest i delstaten Baden-Württemberg i Tyskland. Byen ligg 879 meter over havet i Schwarzwald. Furtwangen er kjend for sin historiske klokke-industri og det tyske klokkemuseet (Deutsches Uhrenmuseum) ligg i byen.
Større industriverksemder som lagar maskinverktøy og andre spesialprodukt, samt tilbyr kommunikasjonsteknologi, pregar dagens næringsliv i kommunen. Den tekniske høgskulen Hochschule Furtwangen held hus i byen.
Eitt av dei aller fyrste renna i Verdscupen i langrenn for kvinner vart avvikla i Furtwangen vinteren 1979.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Furtwangen im Schwarzwald» frå , den 29. januar 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Baden-Württemberg