Juscelino Kubitschek de Oliveira () var ein brasiliansk politikar. Han var president frå 1956 til 1961 i landet som representant for sentrumspartiet Partido Social Democrático (PSD).Store norske leksikon (2005-2007); Skatvik, Frida: Juscelino Kubitschek i Store norske leksikon på snl.no. Henta 1. oktober 2024.
Liv og virke Kubitschek var utdanna lege. Under president-valgkampen lovde han «femti års framgang på fem». Som president vart han vidkjend for si ambisiøse byplanlegging, framom alt for vedtaket om å flytte hovudstaden i landet frå Rio de Janeiro. Den nye hovudstaden Brasília vart bygt på fire år, Kubitschek innvigde i 1960 sjølv den nye hovedstaden. Trass økonomisk og kulturell vekst gjennom presidentperioden, førte bygginga av Brasília til at inflasjonen steig frå 19 prosent i 1956 til 43 prosent i 1961.
Kubitschek gjekk av som president i 1961 og var deretter senator for delstaten Goiás. Under militærdiktaturet var PSD-partiet frå 1964 forbode og Kubitschek utestengd frå all politisk aktivitet i ti år. Han omkom i ei bilulykke i 1976, men var så populær at militærregjeringa erklærte tre dagars landesorg.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Brasilianske politikarar Kategori:Brasilianske presidentar