Ur (sumerisk Urim, akkadisk Uru, arabisk أور) var ein viktig sumerisk bystat i oldtidsriket Mesopotamia, der den moderne Tell el-Muqayyar (arabisk تل المقير) ligg i dag i Dhi Qar guvernement sør i Irak.Tell el-Muqayyar på arabisk. Tell betyr «ås» eller «haug» og Muqayyar betyr «bygt av asfalt». Muqayyar er også skrive Mugheir, Mughair, Moghair osb. Sjølv om Ur ein gong var ein kystby nær munningen av Eufrat i Persiabukta, har kystlinja flytta seg og byen ligg no godt i landet, ved sørbreidda av Eufrat, 16 km frå Nasiriyah i dagens Irak.
Byen er datert til Ubaid-perioden for kring 3 800 evt., og er registrert som bystat i historiske kjelder frå 2500-talet fvt. med Mesannepada som den første registrerte kongen. Skytsguddomen til byen var Nanna (på akkadisk Sin), den sumeriske og akkadiske måneguden, og namnet på byen skal kome frå namnet på denne guden, Urim, som var den klassiske, sumeriske stavinga og tyder «bustaden til Nanna».
I dag er staden markert av dei delvis restaurerte ruinane av zigguraten i Ur, som består av heilagdomen til Nanna, graven ut i 1930-åra. Tempelet vart bygt på 2000-talet fvt. under regjeringstida til Ur-Nammu og vart bygt opp att på 500-talet fvt. av Nabonidus, den assyrisk-fødde siste kongen av Babylon. Ruinane dekkjer eit område på 120 meter frå nordvest til søraust og 800 meter frå nordaust til sørvest, og stig kring 20 meter over dagens bakkenivå.Zettler, R.L. and Horne, L. (eds.) 1998. Treasures from the Royal Tombs of Ur, University of Pennsylvania Museum of Archaeology and Anthropology
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ur» frå , den 27. februar 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Sumeriske byar Kategori:Arkeologiske stader i Irak Kategori:Dhi Qar guvernement Kategori:Tidlegare busetnader i Irak Kategori:Levanten Kategori:Busetnader grunnlagde i 4. tusenåret fvt.