Qaladiza, Qalladze eller Qeladizê er ein by i Irak. Han ligg i den kurdiske sjølvstyrte regionen av landet, nord for Sulaymaniyah, nær grensa til Iran. Byen har kring 140 000 innbyggjarar. Qalladze tyder «borga ved to elver» og denne borga og dei to elvene ligg sørvest for byen.
Heile byen vart hardt skadd under den iransk-irakiske krigen og alle innbyggjarane vart flytta til Bazian og andre delar av Irakisk Kurdistan. Etter dei kom tilbake har byen vokse.
24. april 1974 vart byen utsett for eit flyåtak og det var første gongen Saddam Hussein gjorde dette mot kurdarar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Qaladiza» frå , den 28. februar 2021.
Kategori:Busetnader i Sulaymaniyah guvernement