Henning Bergenholtz () er ein dansk leksikograf og lingvist.
Bergenholtz har ein M.A. frå Technische Universität Berlin i 1973 og doktorgradar frå 1975 og 1978 frå Universität Essen.
Frå 1973 har han vore knytt til universita i Bonn, Essen, Køln, Kairo, Bochum og Stellenbosch. Frå 1996 til han vart pensjonist var han leiar av Center for Leksikografi ved Aarhus Universitet. Henning Bergenholtz er æresdoktor ved Universidad de Valladolid og medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi.
Publikasjonar Henning Bergenholtz har skrive mykje om grammatikk, leksikografi og språkpolitikk. Han har òg hatt ei fast spalte om språklege emne i nettavisa Den Korte Avis. I 1997 var han medforfatter på Nordisk leksikografisk ordbok som kom ut på Universitetsforlaget.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Henning Bergenholtz» frå , den 21. mars 2021. oppgav desse kjeldene: Henning Bergenholtz si nettside på Aarhus Universitet sin nettstad
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå København Kategori:Danske språkforskarar