Netta Barzilai (), også kjend under artistnamnet Netta, er ein israelsk songar. I mai 2018 vart ho internasjonalt kjend då ho vann Eurovision Song Contest med songen «Toy».
Bakgrunn Barzilai vart fødd i Hod HaSharon i Israel i 1993, og ho bur framleis i byen. Ho kjem frå ein georgisk familie, og som barn flytta ho og familien til Nigeria. Der budde familien i fire år før dei vende tilbake til Israel.
Før ho starta obligatorisk fyrstegongsteneste i det israelske forsvaret, hadde ho eit tenesteår i Nahal og tenestegjorde seinare saman med Det israelske marinebandet.
Etter vidaregåande og militærteneste studerte Barzilai elektronisk musikk ved Rimon School of Music, og i 2016 var ho med på å starte improviasjons-vokalensemblet The Experiment som turnerte over heile Israel. Ho hadde òg hovudrolla i teateroppsetninga Running on the Sea.
Eurovision Song Contest I 2018 deltok Barzilai i femte sesong av den israelske talenttevlinga HaKokhav HaBa (norsk: den neste stjerna), og vann tevlinga i februar 2018. Gjennom sigeren vart ho den israelske representanten til Eurovision Song Contest 2018 i Lisboa i mai 2018.
11. mars vart det klårt at Barzilai skulle deltake i Eurovision Song Contest med songen «Toy», og bidraget vart raskt favoritt blant spelselskapa til å vinne tevlinga.Netta Barzilai to sing Toy in Lisbon escchat.com 25. februar 2018 Fram mot tevlinga heldt ho på favorittstempelet, men i dagane før finalen laurdag 12. mai, låg ho på andreplass på bettinglistene, bak kypriotiske Eleni Foureira og «Fuego».
Israel kvalifiserte seg til finalen etter å ha vunne semifinale 1, og i finalen vann Barzilai til slutt avrøystinga med 529 poeng – 317 poeng frå sjåarane og 212 poeng frå juryane. Dette var den fjerde sigeren til Israel i Eurovision Song Contest.
Diskografi
Singlar ÅrSong2018«Toy»2019«Bassa Sababa»
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Netta Barzilai» frå , den 20. mars 2021.
Kategori:Eurovision Song Contest-vinnarar Kategori:Israelske songarar Kategori:Israelske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2018-deltakarar