VAL er ein kviterussisk musikkduo som består av vokalisten Valjeryja Hrybusava og musikkprodusenten Vladislav Pasjkjevitsj. Gruppa vart skipa i Minsk i 2016 og skulle ha representert Kviterussland i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland med låten «Da vidna». Men 18. mars 2020 avlyste EBU tevlinga på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.
Bakgrunn VAL vart etablert i Minsk tidleg i 2016 av musikarparet Valjeryja Hrybusava og Vladislav Pasjkjevitsj. Hrybusava hadde tidlegare delteke i The Voice of Ukraine og vann seinare songtevlinga Slavianski Bazaar. I 2016 starta den nyetablerte duoen produksjonsstudioet ToneTwins saman med Andrej Katikov (Paul Kat), som har utdanning frå Berklee College of Music.
1. mai 2016 gav VAL ut debutsingelen «Кто ты есть» ('Kven er du') og følgde opp med «Ветер во сне» ('Vind i ein draum') i september 2016.
VAL vann den kviterussiske finalen til Eurovision Song Contest 2020 28. februar 2020 med songen «Da vidna» ('til daggry'). Duoen skulle dimed representere Kviterussland i Eurovision Song Contest 2020, og var trekt til å deltake i den fyrste semifinalen tysdag 12. mai 2020. På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse tevlinga for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgende sjukdomen COVID-19.
Besetning
Valjeryja Hrybusava (russisk Valerija Gribusova) – vokal, låtskrivar, dansar Vladislav Pasjkjevitsj (russisk Vladislav Pasjkevitsj) – musikkprodusent, låtskrivar og multiinstrumentalist
Diskografi
Singlar
2016 – «Кто ты есть» ('Kven er du') 2016 – «Ветер во сне» ('Vind i ein draum') 2020 – «Да вiдна» ('Til daggry')
Album TittelDetaljarВ моей комнате (I mitt rom) Gjeven ut: 1. mai 2017 Merke: ToneTwins Format: CD, digital nedlasting
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «VAL (band)» frå , den 23. mars 2021.
Kategori:Belarusiske musikkgrupper Kategori:Belarusiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2020-deltakarar Kategori:Ikkje-deltakande Eurovision Song Contest-artistar