Jessica Alyssa Cerro (), betre kjend under artistnamnet Montaigne, er ein australsk songar og låtskrivar. Montaigne skulle ha representert Australia i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland med songen «Don't Break Me», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020. Ho skal i staden representere Australia i Eurovision Song Contest 2021 med songen «Technicolour».

Bakgrunn Cerro vart fødd i Sydney i 1995 og voks opp i Hills-distriktet. Ho har argentinsk, filippinsk, fransk og spansk bakgrunn.

Etter endt vidaregåande skule fokuserte Cerro på musikkarrieren sin, og ho skreiv platekontrakt med Albert Music i november 2012. Året etter tok ho artistnamnet Montaigne, som er henta frå den franske renessansefilosofen Michel de Montaigne. I 2014 gav ho ut sin første singel, «I Am Not an End», og skreiv sidan ny platekontrakt med Wonderlick Entertainment.

I 2016 følgde debutalbumet Glorious Heights med songane «Clip My Wings», «In the Dark» og «Because I Love You». I 2019 kom oppfølgjaralbumet til Montaigne, Complex

Eurovision Song Contest 2020 6. desember 2019 vart det kunngjort at Montaigne var ein av deltakarane i Eurovision – Australia Decides, den australske uttakinga til Eurovision Song Contest. Under finalen 8. februar 2020 vann Montaigne tevlinga med songen «Don't Break Me», og ho skulle difor ha representert Australia i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest 2020 tysdag 12. mai 2020 i Rotterdam i Nederland. Etter at tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 fekk Montaigne oppdraget med å representere Australia i Eurovision Song Contest 2021 med songen «Technicolour».

Diskografi

Studioalbum

2016 – Glorious Heights 2019 – Complex

EP-ar

2014 – Life of Montaigne

Singlar

2014 – «I Am Not an End» 2014 – «I'm a Fantastic Wreck» 2015 – «Clip My Wings» 2016 – «In the Dark» 2016 – «Because I Love You» 2018 – «For Your Love» 2019 – «Ready» 2019 – «Love Might Be Found (Volcano)» 2020 – «Don't Break Me» 2021 – «Technicolour»

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Montaigne» frå , den 25. mars 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folk frå Sydney Kategori:Australske songarar Kategori:Australske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Australske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2020-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2020-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-låtskrivarar