«Uno» (spansk for 'ein'), stilisert som «UNO», er ein song frå 2020 av den russiske gruppa Little Big. Songen er skriven av Denis Tsukerman, Ilja Prusikin og Viktor Sibrinin, og har engelsk og spansk tekst. Songen vart gjeven ut 12. mars 2020 og skulle ha vore det russiske bidraget i Eurovision Song Contest 2020, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.

Eurovision Song Contest Songen og Little Big vart vald ut internt av den russiske kringkastaren Pervyj kanal til å representere landet. Songen vart offentleggjord under det russiske talkshowet Vetsjernyj Urgant rundt 22.20 CET 12. mars 2020 – tre dagar etter tidsfristen for å levere inn bidrag til tevlinga. Den offisielle musikkvideoen vart offentleggjord på YouTube-kanalen til Eurovision Song Contest klokka 23.00 same kvelden, og i løpet av det påfølgjande døgnet passerte videoen 10 millionar visingar.

I januar 2020 vart Russland trekt til å deltake i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen skulle ha vore arrangert i Rotterdam Ahoy i Nederland tysdag 12. mai. På grunn av koronaviruspandemien avlyste EBU tevlinga for å hindre spreiing av infeksjonssjukdomen covid-19. Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.

Listeplasseringar Liste (2020)Høgaste plasseringSUS (Tophit)4Estland (Eesti Tipp-40)9Litauen (AGATA)33Skottland (Official Charts Company)97Russland (Tophit Airplay)2Russland (Top Radio & YouTube Hits)1Russland (Top YouTube Hits)1Ukraina (Top Radio & YouTube Hits)1Ukraina (Top YouTube Hits)1Ungarn (Single Top 40)21

Sporliste

Utgjevingshistorikk RegionDatoFormatMerkeDiverse12. mars 2020Digital nedlastning, strømmingLittle Big Family

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Uno (Little Big-sang)» frå , den 3. april 2021.

Kategori:Russiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Fleirspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Spanskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2020-songar Kategori:Ikkje-deltakande Eurovision Song Contest-songar