Kōauau er ei lita fløyte frå maorikulturen. Fløyta er 10-20 cm lang, har opningar i begge endar og tre til seks fingerhol plassert langs røyret. Ho kan vera av tre eller bein.

Ein får fram lyd ved å senda pusten over kanten av den øvre opninga. Tonen til ein kōauau minner om den til fløyter frå heile verda, både i tonekvalitet og register.

Tidlegare brukte ein bein frå fuglar, som albatross eller moa. I nokre høve kunne ein laga fløyter av menneskebein. Desse var knytte til høvdingstatus og utøving av utu.

Fløytespelarar kunne ifølgje sogene også ha makt over kjenslene til kvinner. I soga om Tūtānekai overtydde han til dømes Hinemoa til symja over Rotoruasjøen ved å spela på kōauau.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kōauau» frå , den 8. april 2021.

Bakgrunnsstoff Kōauau in the collection of the Museum of New Zealand Te Papa Tongarewa

Kategori:Fløyter Kategori:Maorikultur