Emilie Enger Mehl () er ein norsk politikar og jurist. Ho er justisminister i Regjeringa Støre frå 2021. Ho er sidan 2017 stortingsrepresentant frå Hedmark, vald for Senterpartiet. Mehl tok eksamen i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo i 2017. Gjennom fylkestingsvalet 2015 fekk ho plass i Hedmark fylkesting, der ho vart vald til nestleiar i Komiteen for økonomi, eigedom og regionalt samarbeid. Ved stortingsvalet 2017 var ho Hedmark senterparti sin andrekandidat og innvald til Stortinget. På Tinget hadde ho 2017-20 plass i Justiskomiteen, sesjonen 2020/21 var ho medlem i Utanriks- og forsvarskomiteen.
Deltakingar på fjernsyn I 2015 vann Mehl fyrste sesong av Anno på NRK, som vart spela inn på Bryggen i Bergen. I 2022 vann ho tredje sesong av Kompani Lauritzen. Mehl takka nei til betaling for deltakinga i programmet og bad i staden om at honoraret skulle donerast til friviljuge organisasjonar.
Kjelder
Kategori:Norske justisministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Støre Kategori:Senterpartistatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Stortingsrepresentantar frå Sp Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Norske juristar Kategori:Folk frå Lørenskog