Lilli Schwarzkopf () er ein tysk tidlegare mangekjempar, fødd i Novopokrovka i Kirgisistan i dåverande Sovjetunionen. Ho vann sølvmedaljen i sjukampen under OL 2012 og bronsemedaljen i EM 2006.
Aktiv Schwarzkopf flytta med familien til Tyskland i 1990. Ho nådde internasjonalt toppnivå i mangekamp i 2006-sesongen. Ved europameisterskapen i Göteborg fekk ho bronsen i sjukampen, slått med over 300 poeng av den suverene vinnaren, svenske Carolina Klüft, men fattige 3 poeng bakom sølvmedaljøren frå Nederland. Året etter vart Schwarzkopf nummer fem i sjukampen ved VM 2007, sidan ho kom ho på åttandeplass i Sommar-OL 2008.
I 2011 enda Schwarzkopf på sjetteplass i Daegu-VM. Under dei olympiske sommarleikane 2012 i London presterte ho sitt livs beste sjukamp. Med 6 ,649 poeng sikra ho seg sølvmedaljen, om enn over 300 poeng bakom den olympiske meisteren, Jessica Ennis frå Storbritannia. Sidan vart Schwarzkopf nummer 5 i EM 2014. Ho la opp i 2016.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2005 i Helsinki: Nr 13 – 5 993 poeng EM 2006 i Göteborg: Bronsemedalje – 6 420 poeng VM 2007 i Osaka: Nr 5 – 6 439 poeng OL 2008 i Beijing: Nr 8 – 6 379 poeng VM 2009 i Berlin: Braut etter tre øvingar VM 2011 i Daegu: Nr 6 – 6 321 poeng OL 2012 i London: Sølvmedalje – 6 649 poeng, bakom Jessica Ennis ( 6955 p) VM 2014 i Zürich: Nr 5 – 6 332 poeng
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lilli Schwarzkopf» frå , den 16. juni 2021.
World Athletics
Kategori:Tyske mangekjemparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012