Joanna Fiodorow () er ein polsk tidlegare sleggjekastar frå Augustów. Ho vann i 2019 VM-sølv i øvinga, tidlegare sikra ho seg bronsemedaljen både i EM 2014 og EM 2018.
Aktiv Fiodorow vart nummer 10 i sleggjekasting under dei olympiske leikane i London i 2012. To år seinare tok ho bronsen i øvinga ved europameisterskapen i Zürich, meteren bakom sølvvinnar Martina Hrašnová frå Slovakia og heile fem meter kortare enn hennar eiga landskvinne, Anita Włodarczyk.
Den 29. juli 2017 sette Fiodorow personbeste med 75,09 meter ved eit stemne i Cetniewo. I europameisterskapen 2018 tok ho ein ny bronsemedalje, atter var landskvinna Anita Włodarczyk i ei eiga klasse. Under verdsmeisterskapen i Doha hausten 2019 kasta Fiodorow 76,35 meter, ny livsbeste i sleggjekast og sølvmedalje.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2011 i Daegu: Utslått i kvalifiseringa (66,88 m=nr 21) OL 2012 i London: Nr 10 – 72,37 m EM 2014 i Zürich: Bronsemedalje – 73,67 m VM 2015 i Beijing: Utslått i kvalifiseringa (68,72 m=nr 17) EM 2016 i Amsterdam: Nr 10 – 69,48 m OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 9 – 69,87 m VM 2017 i London: Nr 6 – 73,04 m EM 2018 i Berlin: Bronsemedalje – 74,00 m VM 2019 i Doha: Sølvmedalje – 76,35 m, bak DeAnna Price (77,54 m) OL i 2021 i Tokyo: Nr 7 – 73,83 m
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Joanna Fiodorow» frå , den 25. juni 2021.
World Athletics
Kategori:Polske sleggekastarar Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020