Ein skotørkar er ei maskin som tørkar skor ved at ein plasserer slangar nedi skorne og blæs luft gjennom dei. Luftgjennomstrøymninga fører til at skorne tørkar raskare. Lufta kan vera oppvarma for endå snøggare tørking. Skotørkarar kan vera særleg nyttige dersom ein ofte har våte skor, til dømes dersom ein har små born eller ofte ferdast i skog og mark. Skotørkarar har ofte eit tidsur. Det finst òg skotørkarar som består av ei oppvarma rist som skorne vert sett oppå og som ikkje blæs luft.

Tryggleik Skotørkarar med varme kan føra til brannfare dersom dei står lenge på, og bør difor berre brukast under oppsyn. Mange skotørkarar skapar òg sjenerande støy.

Referansar

Kategori:Kvitvarer Kategori:Fottøyutstyr