Allioideae er ein underfamilie i påskeliljefamilien (Amaryllidaceae). Gruppa blei tidlegare rekna som ein eigen familie, Alliaceae, med norsk namn «laukfamilien».

Artane i gruppa er fleirårige urter med mellomstore, undersitjande blomar som sit i ein skjerm. Mange av artane har ei sterk lauklukt som kjem av at dei inneheld svovelsamband. Fleire arter i laukslekta (Allium) er viktige grønsaker. Både plantar i laukslekta og nokre andre, som Nothoscordum, Leucocoryne og Ipheion uniflorum, blir dyrka som prydplantar i hagar.

Delgrupper Allioideae omfattar rundt 950 artar som er fordelte på 17 slekter og 4 stammar. Dei 4 stammane er: Allieae omfattar berre laukslekta (Allium) med 800–850 artar, om ein inkluderer Caloscordum, Milula og Nectaroscordum i Allium. Desse plantane har lauk og er utbreidde på den nordlege halvkula og i Sør-Afrika. Gilliesiea omfattar 9 slekter med omtrent 20 artar i Sør-Amerika. Leucocoryneae omfattar 6 slekter med omtrent 60 artar i Sør- og Mellom-Amerika, Mexico og sørlege USA. Tulbaghieae omfattar berre slekta Tulbaghia med 22 arter i sørlege Afrika. Desse plantane har jordstengel.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Allioideae» frå , den 27. juli 2021.

Kategori:Påskeliljefamilien