Assefa Mezgebu ( er ein etiopisk tidlegare langdistanseløpar. Han vann bronsemedaljen på 10000 meter både under VM 1999 og Sommar-OL 2000. I 2001 sikra han seg VM-sølv på distansen.
Aktiv Mezgebu vart femtemann i milløpet ved Friidretts-VM 1997. Året etter vart han nummer 3 i terrengløps-VM, i 2000 kom han på andreplass i VM i terrengløp.
I verdsmeisterskapen 1999 fylgde Mezgebu tetgruppa på 10000 meter heilt inn til oppløpet. I spurten måtte han gje tapt mot landsmannen Haile Gebrselassie, som vann gullet og kenyanaren Paul Tergat som tok sølvet. Det same hende i milløpet under dei olympiske leikane 2000, Gebrselassie spurta inn til siger føre Tergat, medan Mezgebu fekk bronsen. Få veker seinare sprang Mezgebu i mål som fyrstemann på 10000 meter ved afrikaleikane.
Mezgebu vann sølvmedaljen på 10000 meter ved verdsmeisterskapen. Her viste han landsmannen Gebrselassie til bronseplass, Charles Kamathi frå Kenya vart verdsmeister. Den 30.august 2002 i Brussel sprang Mezgebu sitt livs fortaste milløp, med tida 26.49,9 vart han andremann, eit halvsekund bakom Sammy Kipketer frå Kenya.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1995 i Göteborg: Nr 14 – 27.56,0 VM 1997 i Aten: Nr 5 – 27.32,4 VM 1999 i Sevilla: Bronsemedalje – 27.59,1 OL 2000 i Sydney: Bronsemedalje – 27.19,7 VM 2001 i Edmonton: Sølvmedalje – 27.53,9, bakom Charles Kamathi (27.53,2)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Assefa Mezgebu» frå , den 30. juli 2021. Denne artikkelen bygger på «Assefa Mezgebu» frå , den 30. juli 2021.
World Athletics
Kategori:Etiopiske langdistanseløparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Etiopia Kategori:Etiopiske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Etiopiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000