Denwick er ein liten landsby og civil parish (kommune) i Northumberland i England. Han har 267 innbyggjarar (2011). Staden ligg rundt 2 km nordaust for Alnwick.
Namnet Denwick kjem frå gammalengelsk denu, ‘dal’ og wīc, ‘busetnad’ eller ‘gard’.https://www.oxfordreference.com/view/10.1093/acref/9780199609086.001.0001/acref-9780199609086-e-4286?rskey=li81Ew&result=1 Uttalen av namnet i dag er Dénnick.
Historie Landsbyen blei planlagd og bygd på 1800-talet, ei tid med auka velstand i Northumberland, på eigedommen til hertugen av Northumberland. Det er funne spor etter busetnad frå staden frå bronsealderen.
Kapellet i Denwick blei påkosta av Algernon George Percy, 6. hertugen av Northumberland i 1872, og held framleis jamleg gudstenester. Dei fleste bygningane i landsbyen er eldre, mellom anna Denwick House, som blei bygd i 1808 og no er verna som ein grade II-bygning.
Geografi Kommunen er delt i to. Sjølve landsbyen Denwick ligg i hovuddelen av kommunen, nord for elva Aln, i lag med størstedelen av Hulne Park. Den fråskilde sørdelen av soknet går så langt sør som Newton on the Moor.
Denwick Burn, ei sideelv til Aln, renn forbi landsbyen i nord.
Det finst fleire verna bygningar i soknet, mellom anna Denwick Bridge, Heiferlaw Tower, Brizlee Tower og Hulne Priory. Fleire bustadhus er også verna med grade II.
Denwick ligg på ruta til buss 418 bus, driven av Travelsure. Denne ruta går mellom Alnwick og Belford.
Hovudvegen gjennom landsbyen er B1340, som går direkte til Alnwick. Veggkrysset i Denwick mellom B1340 og A1 blei bygd på 1980-talet.
Folkesetnad18911901191119211931195119612001682662713668593441451266
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Denwick» frå , den 16. august 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Landsbyar i Northumberland Kategori:Civil parish i Northumberland