«Underground» er ein song skriven og spelt inn av David Bowie for lydsporet til filmen Labyrinth i 1986. Songen nådde 21. plassen på UK Singles Chart.
Detaljar og bakgrunn Bowie skreiv og spelte inn fem songar for Labyrinth, der han òg spelte rolla som Jareth, kongen over nissane. «Underground» er temasongen i filen. Ein langsame, nyinnspelt versjon av komponisten Trevor Jones vert nytta over opninga av filmen, medan originalversjonen til Bowie vert spelt under rulleteksten til slutt. Bowie forklarte valet av musikkstil for songen og sa «Filmen handlar i røynda om kjenslene til ei jente og kva ho går gjennom, oppdagingar om seg sjølv og foreldra hennar og forholdet hennar til familien. Så eg ønskte å gjere noko emosjonelt, og for meg er den mest emosjonelle musikken eg kan tenkje meg gospel.»
Bowie og produsenten Arif Mardin spelte inn «Underground» i Atlantic Studios i New York. Songen vart spelt inn med eit stort kor, som inkluderte Chaka Khan, Luther Vandross og Daphne Rubin-Vega, i lag med The Radio Choir of the New Hope Baptist Church. Sologitaren vart spelt av bluesgitarist Albert Collins. Bowie skildra bidraga hans til songen som «ein veldig vill, grov, aggressiv lyd som går imot noko av den kanskje overflatiske glattheita til synthesizeren.»
Video Steve Barron regissert ein musikkvideo for songen, som vart filma i Shepperton Studios i løpet av to dagar i 1986. Videoen syner Bowie som nattklubbsongar som går inn i eit illevarslande smug, der han støyter på ulike dokker frå Labyrinth, inkludert karakterar som Hoggle og The Junk Lady. Bowie vert omgjort til ein teikneseriefigur, og går inn i ein animert undergrunnsverd. Før han han fell ned i undergrunnen kan ein sjå ein kort montasje av fleire tidlegare Bowie-image, som Ziggy Stardust og Jazzin' for Blue Jean, og karakterane hans frå The Man Who Fell To Earth og The Hunger.
Labyrinth-regissøren Jim Henson var så imponert over videoane til Barron at han tilbaud han å regissere pilotepisoden til The Storyteller. Sjølv om Bowie ikkje var særleg involvert i marknadsføringa av filmen, var Henson takksam for musikkvideoen til «Underground» og sa «eg trur det er det beste han kunne ha gjort for filmen.» Bowie var ikkje nøgd med videoen, og sa i 1987 «eg ser at videoane eg overlet til andre folk alltid har blitt feil. Fordi av mangelen på mi eiga interesse vart eg ikkje involvert i ting som 'Underground' som eg laga for Labyrinth. Eg berre gav det opp og resultatet er ikkje min type video. Eg var litt for lat der. Eg kjende meg ikkje involvert.» Trass i at Bowie mislikte videoen, rekna Entertainment Weekly og Esquire videoen blant hans beste etter at han døydde i 2016.
Mottaking Smooth Radio valde «Underground» som den 15. beste av dei 20 beste Bowie-songane. Newsweek rekna songen som den sterkaste på Labyrinth, eit syn Screen Rant delte. Dei rekna òg «Underground» som ein av dei 10 beste temasongane for film frå 1980-åra.
Innhald Alle songar av Bowie.
7" kommersiell singel/12" promosingel: EMI / EA 216 (Storbritannia) «Underground (Edited version)» – 4:25 «Underground (Instrumental)» – 5:40 Dette er den einaste instrumentale versjonen med korsongarar Alle andre instrumentale versjonar er noko lengre, med berre akkompagnement, utanom på baksida av 12"-promosingelen.
12" Club-singel: EMI / 12EA 216 (Storbritannia) «Underground (Extended dance mix)» – 7:51 «Underground (Dub)» – 5:59 «Underground (Instrumental)» – 5:54
Ekstra produksjon og miksing av Steve Thompson og Michael Barbiero.
7" biletplate: EMI / EAP 216 (Storbritannia) «Underground (Edited version)» - 4:25 «Underground (Instrumental)» - 5:52
Digital: EMI / iEA 216 (Storbritannia) «Underground (Edited version)» – 4:25 «Underground (Extended dance mix)» – 7:51 «Underground (Instrumental av albumversjonen)» – 5:54 «Underground (Dub)» – 5:59
gjeve ut i 2007
Medverkande David Bowie – vokal, korvokal, produsent Arif Mardin – produsent Albert Collins – gitar Steve Ferrone – trommer Robbie Buchanan – klaverinstrument, synthesizer Bob Gay - saksofon Chaka Khan – korvokal Cissy Houston – korvokal Fonzi Thornton – korvokal Luther Vandross – korvokal
Salslister Liste (1986)PlasseringAustralia (Kent Music Report)26Belgia (Ultratop 50 Flandern)10Canadian Singles Chart73 Finland (Suomen virallinen lista) 7Tyskland (GfK)20Nederland (Single Top 100)7New Zealand (Recorded Music NZ)6Spania (AFYVE)11Den svenske singellista19Sveits (Swiss Hitparade)14UK Singles Chart 21
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Underground (David Bowie song)» frå , den 7. september 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Singlar frå 1986 Kategori:Songar frå 1986 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:Musikkvideoar regisserte av Steve Barron Kategori:Filmtemasongar Kategori:Songar skrivne for filmar