Uncle Remus eller Onkel Remus er ein oppdikta forteljar og tittelfigur i ei samling afroamerikanske eventyr samla og gjenfortalde av Joel Chandler Harris i ei bok gjeven ut i 1881. Harris var journalist i Atlanta etter Reconstruction-tida etter den amerikanske borgarkrigen. Han gav ut sju Uncle Remus-bøker. Harris skreiv sogene for å skildra livet og slitet i Sørstatane, særleg på dei gamle slaveplantasjane der. Han gjorde dette ved å formidla eventyr han hadde høyrd gjennom rammeforteljingar i eit plantasjemiljø. Han skreiv sogene på ei dialektform som var hans tolking av den afroamerikanske dialekten i det såkalla Deep South på denne tida. Desse ramme- og stilvala gjorde at samlinga var kontroversiell.
høgre|mini|Old Plantation Play Song, frå Uncle Remus, His Songs and His Sayings: The Folk-Lore of the Old Plantation, 1881 Uncle Remus er ei samling dyrehistorier, songar og munnleg folklore samla frå afroamerikanarar frå Sørstatane. Mange av historiene er didaktiske, omtrent som i Æsops fablar og i sogene til Jean de La Fontaine. Uncle Remus er ein vennleg gammal fridd slave som opptrer som forteljar i sogene og slik gjev sogene vidare til barn rundt seg, lik ein tradisjonell afrikansk griot.
Sogene er skrivne på ein måte utvikla av Harris for å framstilla talemåten blant afroamerikanarar i Deep South. Uncle Remus-figuren er sett saman av forteljarar Harris var blitt kjend med under tida si på Turnwold-plantasjen. Harris meinte at dialektbruken var ein måte å gjera sogene meir effektfulle og autentiske. På tida då verket blei gjeve ut fekk Harris lovord for evna si til å formidla den svarte plantasjedialekten.
Br'er Rabbit (Brother Rabbit, eller Bror Kanin) er hovudpersonen i mange av forteljingane. Han er ein trickster-figur som liker å lura og laga vanskar for andre. Ofte er han sett opp mot Br'er Fox og Br'er Bear. I ei forteljing lager Br'er Fox ei dokke av tjøre og tek klede på henne. Når Br'er Rabbit kjem forbi snakkar han til denne figuren, kjend i sogene som ein tar baby. Br'er Rabbit blir fornærma av at figuren ikkje svarar, og slår han, men sit fast.
Utgjevingar mini|Uncle Remus and his deceitful jug frå 1881. Harris samla seks band med Uncle Remus-soger mellom 1881 og 1907. Etter at han døydde i 1908 blei det gjeve ut tre bøker til posthumt.
Uncle Remus: His Songs and His Sayings (1881) Nights with Uncle Remus (1883) Uncle Remus and His Friends (1892) The Tar Baby and Other Rhymes of Uncle Remus (1904) Told by Uncle Remus: New Stories of the Old Plantation (1905) Uncle Remus and Brer Rabbit (1907) Uncle Remus and the Little Boy (1910) Uncle Remus Returns (1918) Seven Tales of Uncle Remus (1948)
I film og media
Teikneseriar I 1902 laga Jean Mohr ein teikneserie på to sider av Uncle Remus-soger kalla Ole Br'er Rabbit for The North American.
McClure Newspaper Syndicate hadde ei sundagsstripe om Br'er Rabbit teikna av J. M. Condé frå 24. juni til 7. oktober 1906.
Ei anna sundagsstripe, Uncle Remus and His Tales of Br'er Rabbit frå King Features Syndicate, blei gjeven ut frå 14. oktober 1945 til 31. desember 1972, inspirert av Disney-stripa Silly Symphony.
Film og fjernsyn Filmar
Walt Disney sin Song of the South (1946), ein kombinasjon av levande film og animasjon der James Baskett spelte Remus Ralph Bakshi sin film Coonskin (1975), ein satire av Disney-filmane som flyttar Uncle Remus-sogene til Harlem i samtida og gjer narr av dei.
Fjernsyn
Rémusz bácsi meséi (1967) av Magyar Televízió Brer Rabbit Tales (1991) av Emerald Hill Productions.
Musikk Uncle Remus opptrer mykje som ein bifigur i The Residents sin rockeopera Not Available, som dei spelte inn i 1974 og gav ut i 1978. Han gjev lite hjelpsame råd til hovudfiguren, som «Well, strangers have left on longer trains before».
«Uncle Remus» er ein song av Frank Zappa og George Duke frå Zappa-albumet Apostrophe (') frå 1974.
Bob Dylan sitt episke dikt Last Thoughts on Woody Guthrie listar opp fleire folk ein gjerne ser til for håp og inspirasjon, og seier «that stuff ain't real». I eit vers av diktet seier han «And Uncle Remus can't tell you and neither can Santa Claus».
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Uncle Remus» frå , den 13. september 2021.
Bakgrunnsstoff
Short biography of Joel Chandler Harris with photograph References in Theodore Roosevelt's autobiography to Brer Rabbit and Uncle Remus.
Nettstader
Full text of books by Uncle Remus from Project Gutenberg Official Uncle Remus Museum in Eatonton, GA Official Site of Uncle Remus
Uncle Remus tales in Ukrainian translation
Kategori:Oppdikta menn Kategori:Oppdikta forteljarar