Marit Knutsdatter Strand () er ein norsk lektor og politikar frå Øystre Slidre i Valdres. Frå 2017 til 2025 representerte ho Oppland og Senterpartiet på Stortinget.
Strand er utdanna i realfag ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet.
Ho var medlem 2015-19 i Øystre Slidre kommunestyre.
Ved stortingsvalet 2017 var ho Senterpartiet sin andrekandidat i Oppland, fekk plass på Stortinget med knapp margin. Tingperioden 2017-21 var ho medlem i Utdannings- og forskningskomiteen.
I stortingsvalet 2021 var ho førstekandidat og vart attvald. Ho heldt fram i Utdannings- og forskingskomiteen, no som første nestleiar.
I mai 2024 varsla ho at ho ikkje tok attval som stortingsrepresentant. I staden flytta ho med familien tilbake til Beito i Valdres for å bli bonde på fulltid.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar for Oppland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Sp Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Folk frå Øystre Slidre