The 'Mercury' Demos er ein plateboks av den engelske musikaren David Bowie, gjeven ut på vinyl i mai 2019. Han inneheld ti demoinnspelingar i mono framført av Bowie og venen hans John Hutchinson tidleg i 1969. I november 2019 vart samlinga gjeven ut på CD som ein del av Conversation Piece.
Bakgrunn Som plateboksane Spying Through a Keyhole og Clareville Grove Demos, kom denne ut i høve 50-årsjubileet for albumet David Bowie frå 1969. «Space Oddity»-demoen var alt komen ut i redigert form som det første sporet i plateboksen Sound + Vision i 1989.
Platenotata indikerer at lydbandet vart spelt inn i leilegheita til Bowie i Clareville Grove ein gong mellom det første forsøket på ei studioinnspeling av «Space Oddity» den 2. februar 1969, og før Bowie flytta til Beckham i midten av april.Bowie - Mercury Demos Liner Notes, 2019, Parlophone
Innhald Alle songar skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The 'Mercury' Demos» frå , den 29. september 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Samlealbum av David Bowie Kategori:Samlealbum frå 2019 Kategori:Parlophone-album