The Sweet Singles Album er eit samlealbum frå 1975 av Sweet, gjeve ut på RCA Records for marknaden i Australia og New Zealand. Det kom ut på RCA Australia, hovudsakleg for å utnytta The Sweet sine forskjellige tyngre singlar frå perioden 1973-74, før bandet vitja regionen og turnerte. The Sweet Singles Album erstatta ikkje nokre av dei originale Europeiske Sweet-albuma, men utfylte dei. Innhaldet består av ein hardare rockestil og eit steg unna dei mjukare tyggegummi-spora frå den tidlegare perioden 1968-72.
The Sweet turnerte Australia og New Zealand seinare i 1975, til stor suksess. I slutten av 1975 hadde The Sweet ei rekke album på hitlistene pluss to store hitsinglar, «Peppermint Twist» og «Fox on the Run». «Peppermint Twist» var òg ein singel som berre kom ut i Australia, tekekn som singel frå albumet Sweet Fanny Adams.
Sjølve The Sweet Singles Album var tilgjengeleg heilt ut 1970-talet, før det vart sletta av RCA Australia, rundt 1979. Til dags dato er det eit av dei siste få Sweet-albuma som ikkje har kome på CD.
Innhald
LP-utgåve
Kassettutgåve
Salslister Vekeslister Liste (1975) Plassering Australske album (Kent Music Report) 2
Årslister Liste (1975) Plassering Australia (Kent Music Report) 23
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Sweet Singles Album» frå , den 2. oktober 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:The Sweet-album Kategori:Samlealbum frå 1975 Kategori:Album produserte av Phil Wainman Kategori:RCA Records-album