Return to Base er det åttande studioalbumet til den britiske rockegruppa Slade. Det kom ut 1. oktober 1979 på Barn Records, og gjekk ikkje inn på nokre av albumlistene noko stad. På tidspunktet for utgjevinga hadde suksessen til bandet avtatt . Bandet var tvinga til å spela i små hallar og klubbar rundt om i Storbritannia, og den einaste faste inntekta dei hadde var honorara Noddy Holder og Jim Lea fekk som låtskrivarar. Dei siste singlane deira hadde selt dårleg, og dei trekte ikkje lenger eit stort publikum. Før dei spelte på Readingfestivalen i 1980, var dei på nippet til å gje seg.
Førre albumet til bandet, Whatever Happened to Slade (1977), inneheldt ein «streit» hardrockstil, og droppa glamrock-imaget sitt, og trass i kritisk heider hadde det gjeve bandet få inntekter. Return to Base vart tenkt som ei fortsetjing av stilen deira, og eit forsøk på å auke inntektene deira. Bandet hadde som mål å spela inn tjue songar, og setje dei beste elleve på albumet. I fanklubbladet deira frå juli-august 1979 stadfesta trommeslagaren Don Powell at dei hadde spelt inn sytten spor på den tida. Sjølv om den kritiske reaksjonen på albumet generelt var positiv, selde albumet dårleg, noko som delvis vart klandra Barn Records, som berre trykte totalt 3500 eksemplar av den første singelen frå albumet «Ginny, Ginny», og praktisk talt garanterte at det ikkje gjekk inn på salslista. Heller ikkje singelen som følgde, «Sign of the Times», klarte ikkje å gå inn på singellista, og dei fleste eksemplar som vart igjen vart smelta ned.
Nokre av spora frå Return to Base dukka opp igjen på Slade-albumet frå 1981, We'll Bring the House Down, som vart gjeve ut etter den vellykka konserten deira på Readingfestivalen i 1980. Resten av spora frå Return to Base vart inkludert som bonusspor på 2007-utgåva av We'll Bring The House Down. Sånn sett var albumet det einaste album deira som ikkje vart ommastra.
Bakgrunn mini|venstre|Slade på scenen i 1977. Etter å ha komme tilbake til Storbritannia frå USA i august 1976, fann Slade seg forbigått av punkrockeksplsjonen i Storbritannia. Albumet deira Whatever Happened to Slade frå 1977 viste seg å bli ein kommersiell fiasko medan turnéen på våren hadde vist at dei ikkje lenger kunne fylla store arenaer. Den avtakande suksessen til Slade førte snart til at bandet tok dei konsertane dei kunne. Dei spelte på små arenaer, hovudsakleg universitet og klubbar. Turneane deira gjekk ofte med tap, og bandet måtte ta med eige PA-anlegg og lysshow. Bassisten Jim Lea var likevel upåverka. «Eg syntest framleis at bandet var flott», sa han til Chris Charlesworth i 1983, «me spelte òg om ikkje betre enn me nokon gong hadde ... no hadde me noko å bevisa igjen.»CD-heftet til We'll Bring the House Down - 2007 Salvo
Sjølv om dei lykkast med å fylla små arenaer på konsertane sine, selde knapt dei nye platene til bandet. Sidan den nye produksjonen til bandet ikkje lenger vart gjeven ut på Polydor Records, men i staden på selskapet til manageren Chas Chandler, Barn Records, gjekk ingen av singlane som «Burning in the Heat of Love», «Give Us a Goal», «Rock 'n' Roll Bolero» og «Ginny, Ginny» inn på singellista. Sjølv det andre konsertalbumet deira, Slade Alive, Vol. 2 (1978), oppfølgjaren til det kritikarroste og kommersielt vellykka Slade Alive! (1972), var ein kommersiell fiasko.
Innspeling Albumet vart spelt inn over ein periode på seks veker i 1979.November–desember 1979 Slade News magazine. Det var første albumet bandet produserte saman. I eit fanklubbintervju frå 1979 sa Hill: «me produserte bestemte delar kvar for oss på eiga hand - noko som gjer det til det første albumet me utelukkande har produsert sjølv.»
Usemjer mellom gruppa - særskild Lea og produsenten/manageren deira Chas Chandler - hadde brygd sidan innspelinga av Whatever Happened to Slade, og etter å ha halde fram gjennom 1978 toppa det seg under innspelinga for Return to Base. «Jim vart meir og meir involvert i den sida av sakene,» sa vokalisten Noddy Holder til Chris Charlesworth. «Han ønskte å produsera gruppa, og han syntest ikkje at Chas leverte varene.» Chandler på si side var lite imponert over det noverande materialet til gruppa: «Dei følte at ein flott lyd var det viktigaste», sa han til Charlesworth. «Eg har alltid følt at songen kjem først, og så lagar du lyden din slik at han passar til songen ... ikkje omvendt.» Sjølv om Chandler tilbaud seg å avslutta sambandet med Slade heilt, bad bandet han om å bli verande som manager medan dei produserte seg sjølv. Chandler sa: «Eg sa ja til dette fordi viss eg nekta følte eg at eg ville ha sparka dei når dei var nede.»
Då han vart spurd i 1979 om tankane sine om albumet, sa Hill: «Eg er veldig nøgd med det. Det har ei blanding av forskjellige typar songar, som alle bidrar til at det er eit godt album! Favorittane mine er rock 'n' roll-nummeret 'I'm a Rocker' og instrumentalen 'Lemme Love into Ya' - truleg på grunn av måten dei kjem over på scena meir enn noko anna.»
I eit fanklubbintervju frå 1980 snakka Holder om albumet. «I løpet av dei siste par åra har eg og Jim skrive mange songar, men me har ikkje visst korleis me eigentleg skulle nærma oss dei. Med Return to Base var me veldig nøgd med albumet, me trudde at det verkeleg vart bra, men den selde ikkje. Alle rundt bandet sa til oss at me ikkje kom på så gode songar som me pleidde, men eg og Jim visste at me gjorde det, me visste at me kom med sterke songar. Nokre av songane på Return to Base syntest me var nokre av dei beste songane me nokon gong har skrive. Det syntest berre å vera meg og Jim som hadde tillit til songane; folk som Chas, Dave og Don sa at dei syntest ikkje songane våre var like sterke, nokre av dei gjorde dei, men nokre av dei gjorde dei ikkje. Men me trudde sjølv at dei var det. Dermed gjaldt det å få albumet ned, og i tankane våre vart det eit flott album.»Slade Fan Club Newsletter November–Desember 1980
Under innspelinga av Return to Base vart Slade overtalt av lydteknikaren Andy Miller til å spela inn ein song han hadde skrive saman med Bernie Frost. Songen, «Another Win», vart spelt inn av Slade, men ikkje gjeven ut.Slade Supporters Club Newsletter May – June 1981 I 2011 dukka songen opp på internett gjennom nettstaden Slade in England.
Musikk Som albumtittelen indikerer, fortset albumet «back to basics»-stilen frå det førre albumet deira Whatever Happened to Slade (1977). AllMusic uttalte at «stilen av denne plata går attende til den populære singelstilen deira, litt mindre overdriven og tung, og litt lettare. Det dukkar til og med opp akustiske gitarar.»
Side ein
«Wheels Ain't Coming Down» fortel historia om ei flyoppleving nær døden som Holder og Lea opplevde under ei reise til Los Angeles. Sporet vart seinare gjeven ut på singel i 1981 og nådde då 60. plassen på den britiske singellista. «Hold on to Your Hats» er eit mjøllemstempo-spor påverka av ein meir rock 'n' roll-lyd. Sporet bruker bakoverklangseffekter og har ein spørsmål og svar-teknikk mellom Holder og dei andre bandmedlemmene Hill og Lea under refrenget. «Chakeeta» er eit meir kommersielt klingande spor på albumet. «Don't Waste Your Time (Back Seat Star)» er ein akustiskbasert ballade, skildra av Holder i 1988 som ein «surrealistisk sosial kommentar».Slade International Fan Club newsletter October – November – Desember 1988 «Sign of the Times» er ein ballade basert på den teknologisk revolusjonen. Han vart gjeven ut på singel i, men nådde ikkje singellista. Han vart seinare gjeven ut som B-side til hitsingelen deira «Lock Up Your Daughters» i 1981.
Side to
«I'm a Rocker» er ein coverversjon av Chuck Berry. For å marknadsføre albumet i Belgia filma eit belgisk filmteam bandet som framførte songar i Portland Studios i London. Songen vart gjeven ut på singel i Belgia i 1980, og nådde toppen av lista der. Holder merka seg opphavleg songen då han vart spelt på Radio One av DJ Annie Nightingale. I eit intervju frå 1980 sa Holder: «Eg likte det [og] nemnde for dei andre i bandet at eg hadde høyrt eit veldig bra Chuck Berry-nummer». Etter å ha brukt tid på å prøva å få tak i ein kopi av songen, skaffa Holder albumet med same namn frå ein importbutikk. Holder sa: «Etter å ha lytta til det, byrja me å spela han på konsertane, først og fremst som ein jam på slutten av settet. Så ein kveld gjekk me inn i studio, me hadde alle vore på puben, og me hadde ein halvtime igjen på slutten av ei økt, og me bestemte oss for å spela han inn, og me fekk han ned på eitt forsøk. Kjensla er der i den songen, det er oss, Slade - det er det me handlar om.»
«Nuts Bolts and Screws» er eit anna rockebasert spor som AllMusic meinte å vera blant dei beste songane til bandet. «My Baby's Got It», er eit spor påverka av rock 'n' roll og boogierock. «I'm Mad» er eit akustisk-basert spor som skildrar ein mann som er i fantasiane og draumane sine sin vold. Record Mirror uttalte at songen «er den næraste tingen til ein hitsingel med den sprettande rytmen og reine sekstitalls akkordendringar.» «Lemme Love into Ya» er ein ballade i moll som vanlegvis vart spelt på konsertane deira. Record Mirror skreiv at songen hadde «baklengs gitarintro med tremolo» og «veldig ambient lyd». Songen vart seinare omarbeidd til songen «Poland», som Lea spelte inn som eit soloverk under namnet Greenfields of Tong. Versjonen hans vart gjeven ut på singel i 1982. «Lemme Love into Ya» vart kåra til den nest beste av dei tre beste Slade-albumspora i Slade Fan Club Poll i 1979.Slade Fan Club Magazine January–Februar 1980
«Ginny, Ginny» vart òg gjeven ut i mai same år, og gjeven ut som den leiande singel frå albumet (sjølv om han kom ut fem månader i forkant av sjølve albumet). Singelen klarte ikkje å nå salslista. I følgje nyhendebrev frå fanklubben til Slade på den tida hadde han likevel komme inn på topp 200-lista i Storbritannia. Songen fekk opphavleg namnet «Jeanie Jeanie» og vart gjeven ut på ein gul vinyl som singel i håp om å interessere kjøparar. Lea spelte òg inn sin eigen versjon av songen med broren Frank som ein del av sideprosjektet The Dummies. Han vart spelt inn i løpet av 1979–80, men kom først ut i 1991 på A Day in the Life of the Dummies, som samla innspelingane til The Dummies.
Tittel og plateomslag Albumtittelen er ei linje frå songen til albumet «Sign of the Times». Som svar på korleis tittelen til albumet vart bestemd, sa Hill at bandet «hadde ei heil liste med forslag til tittelen, og Return To Base er frå ei av linjene i songen 'Sign of the Timst'. I fanklubbmagasinet frå november - desember 1979 , vart det uttalt at tittelen til albumet òg skildra handlingane til bandet på den tida. Både Lea og Hill budde i Wolverhampton medan Holder og Powell budde i London. Då albumet kom ut budde alle medlemmane i Wolverhampton.
I eit reint, raudt omslag med ein skarp, svart tittel i stor skrift, var albumomslaget meint å gjenspegla ein streit, enkel haldning. sjølv om det vart notert at «det enda med å sjå like keisamt ut som mykje av publikum rekna at Slade var.» Då han spurde om omslaget til albumet var designa, svarte Hill «Det vert arbeida på no, men eg forstår det slik at det skal ha eit bilete av ei ticker-melding på framsida som seier 'Return To Base' i dataliknande skrift. Men det kjem til å bli eit veldig enkelt omslag - slik at det heng saman med den «enkle» referansen i tittelen.»Slade Fan Club Newsletter Nov–Dec 1979
Utgjeving Albumet vart gjeve ut på manageren deira Chas Chandlers sitt Barn Records den 1. oktober 1979 i Storbritannia, over to og eit halvt år etter det førre albumet deira, Whatever Happened to Slade, kom ut som det første albumet deira på etiketten.