«My Oh My» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i november 1983 som den andre singelen frå det ellevte studioalbumet deira, The Amazing Kamikaze Syndrome, og i 1984 som den andre singelen frå den amerikanske motparten Keep Your Hands Off My Power Supply. Songen var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av John Punter. Han nådde andreplassen i Storbritannia og vart òg den andre topp 40-hitten i Amerika, der han nådde 37. plassen.

«My Oh My» låg på andreplassen på den britiske singellista over jula og hadde i januar 1984 selt til gullplate i Storbritannia. I Sverige og Noreg toppa songen lista og i Sverige selde singelen til platinaplate for 50 000 selde eksemplar. I USA vart songen den andre og siste topp 40-hitten, då han nådde 37. plassen på Billboard Hot 100. Han nådde òg 32. plassen på Billboard Top Tracks-lista.Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits, 8th Edition (Billboard Publications), page 579.

B-sida på RCA-versjonen av singelen var «Keep Your Hands Off My Power Supply», som opphavleg var eksklusiv for singelen. 12"-vinylutgåva kom ut i Storbritannia, Tyskland og Mexico, og inneheldt ein lengre versjon av «My Oh My» som A-side og ei ekstra b-side, «Don't Tame a Hurricane», som igjen opphavleg var eksklusiv for singelen. Begge B-sidene kom sidan ut som albumspor på Keep Your Hands Off My Power Supply. På CBS-utgåva av singelen var songen «High and Dry» B-side. I Storbritannia kom det òg ei avgrensa utgåve på 7"-vinyl med eit ekstra spor, «Merry Xmas Everybody (Live & Kickin')», som tidlegare hadde vore B-sida til singelen «(And Now the Waltz) C'est La Vie» i 1982.

Det vart filma ein musikkvideo til songen regissert av Keith Coe og filma i London. Videoen syner Slade som går på landsbygda og ein etter ein blir henta av ein lastebil med ein open scene på lasteplanet, som kjører til Surrey Docks for ein konsert, der skulebarn vinkar med Slade-skjerf. Videoen vart mykje sendt på MTV.

Format 7"-singel (RCA-utgåva) «My Oh My» - 4:09 «Keep Your Hands Off My Power Supply» - 3:34

7"-singel (Britisk avgrensa utgåve) «My Oh My» - 4:09 «Merry Xmas Everybody (Live & Kickin')» - 3:28 «Keep Your Hands Off My Power Supply» - 3:34

7"-singel (CBS-utgåva) «My Oh My» - 4:09 «High and Dry» - 3:10

7"-singel (CBS-promo) «My Oh My» - 4:09 «My Oh My» - 4:09

12"-singel (RCA-utgåva) «My Oh My» - 5:30 «Keep Your Hands Off My Power Supply» - 3:34 «Don't Tame a Hurricane» - 2:30

12"-singel (CBS-promo) «My Oh My» - 4:11 «Run Runaway» - 4:59

Salslister Liste (1983–84)PlasseringAustralia (Kent Music Report) 65Den austerrikske singellista5Den belgiske singellista4Canadian Singles Chart31Den nederlandske singellista9Den tyske singellista4Irish Singles Chart3Den norske VG-lista1Polish Singles Chart21Den sørafrikanske singellista9Den svenske singellista1Den sveitsiske singellista2UK Singles Chart2U.S. Billboard Hot 10037U.S. Billboard Mainstream Rock Chart32

Andre versjonar I 1984 spelte det svenske dansbandet Ingmar Nordströms spelte inn ein instrumentalversjon med saksofon for albumet Saxparty 11. I 1984 gav det tyske «NDW-bandet» Combo Colossale ut ein tysk versjon «Eis und Feuer (My-Oh-My)» på Repertoire Records. I 1985 vart songen parodiert av den amerikanske komikaren Joe Piscopo på albumet New Jersey. Han imiterer den amerikanske snakkeverten David Letterman og syng «We're having some fun now, my, oh my. We're having more fun now than humans should be allowed... phone the neighbors, wake the kids...» I 1995 spelte det norske bandet Hurra Torpedo inn ein cover av songen for singelen «Stockholm». I 1996 gav det tyske rockebandet Extrabreit ut ein versjon av songen på albumet Jeden Tag - Jede Nacht. Songen fekk tittelen «Das Ruder» med tysk tekst av Kai Havaii og Stefan Kleinkrieg. I 1998 spelte technoduoen Southern Cross inn sin eigen versjon av sporet på singelen «Running». I 2000 spelte den tyske songaren Frank Schöbel inn ein versjon av songen. I 2003 spelte reggae-songaren John Holt inn sin eigen versjon av songen til samleplata Trojan Christmas Box Set. I 2004 spelte den irske songaren Tabby Callaghan songen i den første serien av The X Factor. Året etter gav han ut songen som B-sida til singelen «Number One». I 2009 spelte den tyske musikaren Frank Zander og den tyske songaren Frank Schöbel inn ein versjon av songen og gav han tittelen «Wir gehören zusammen». Songen vart gjeven ut som singel.

Medverkande Slade Noddy Holder - solovokal, gitar Jim Lea - piano, synthesizer, bass, korvokal, produsent på alle B-sidene Dave Hill - sologitar, korvokal Don Powell - trommer

Andre medverkande John Punter - produsent på «My Oh My» Mike Nocito, Pete Schwier - lydteknikarar på «My Oh My» Shoot That Tiger! - design Pete Turner - fotografi

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «My Oh My (Slade song)» frå , den 18. oktober 2021.

Kategori:Singlar frå 1983 Kategori:Slade-songar Kategori:RCA Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Noddy Holder Kategori:Songar skrivne av Jim Lea Kategori:Nummer-ein-singlar i Sverige Kategori:Songar frå 1983 Kategori:Songar produserte av John Punter