«7 Year Bitch» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1985 som den andre singelen frå det tolvte studioalbumet deira Rogues Gallery. Songen var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av John Punter. Han nådde 60. plassen i Storbritannia og låg på lista i tre veker.
B-sida til singelen var «Leave Them Girls Alone», som var eksklusiv for singelen og som seinare kom ut på samlealbumet B-Sides. På 12"-utgåva av singelen var det ein lengre versjon av «7 Year Bitch» på A-sida og ein andre song på B-sida, eit konsertopptak av «We'll Bring the House Down», henta frå konsertalbumet Slade on Stage.
Det vart laga ein musikkvideo til songen, regissert av Phillip Davey og filma i Ewert Studios i London. Det var den einaste videoen til Slade med seksuelle konnotasjonar, og syner bandet som speler i eit stort oransje telt med ei gruppe kvinner.
Format 7"-singel «7 Year Bitch» - 3:58 «Leave Them Girls Alone» - 3:13
12"-singel «7 Year Bitch (Extended Version)» - 5:38 «Leave Them Girls Alone» - 3:13 «We'll Bring the House Down (Live Version)» - 4:33
Salslister Liste (1985)PlasseringDen tyske singellista39UK Singles Chart60
Medverkande Slade Noddy Holder - solovokal Jim Lea - bass, synthesiser, korvokal, produsent på «Leave Them Girls Alone» og «We'll Bring the House Down (Live)», arrangør Dave Hill - sologitar, korvokal Don Powell - trommer
Andre medverkande John Punter - produsent på «7 Year Bitch» The Square Red Studio - design Chris Thomson - front fotografi Simon Fowler - back fotografi
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «7 Year Bitch av Slade» frå , den 20. oktober 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1985 Kategori:Songar frå 1985 Kategori:Slade-songar Kategori:RCA Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Noddy Holder Kategori:Songar skrivne av Jim Lea Kategori:Songar produserte av John Punter