mini|Valenki høgre|mini|Russiske valenkiar, varme støvlar av filt med eller utan kalosjar (gummisko). Valenki (russisk валенки, «tovestøvler», eintal valenok) er tradisjonelle russiske vinterstøvlar laga av filt. Varme skor, støvlar og støvlefôr av filt kan òg kallast katankar (eventuelt i fleirtalsforma katanka), kartankarSøkeordet «katanker» i digitalmuseum.no (eventuelt kartankaSøkeordet «katanka» i digitaltmuseum.no, i eintal kartank) på russenorsk og i dialektar i Finnmark og tova ullfot, labbar og anna på norsk.Søkeordet «kartanker» i digitaltmuseum.no
Valenki og katanka mini|Valenki og anna tova fottøy til sal sitt under Kosma Prutkov-festivalen i Solvytsjegodsk i 2009
Støvlane er tova fullstendig av ull og manglar solar, men er slitesterke. Dei gjev god isolasjon mot vintertemperaturar ned mot førti kuldegradar. Støvlane er ikkje vasstette, og blir ofte brukt med kalosjar (gummisko) utandørs. Dei kan brukast både ute og inne.
Det er stor produksjon av valenki i Russland. Det er òg fleire små valenki-museum, blant anna i den vesle byen Mysjkin. I Finnmark kan ein bruka katanker når det er kaldt, og desse er vanlegvis laga i Russland.Dialektordene katanker og dosso forklart i NRKs Språkteigen 09. juli 2017
Kartanka blir tova av saueull og blir brukt med overtrekkssko eller fotposar. Kartanka blir òg brukt som filttøflar inne i skallar, samisk fottøy av reinsdyrskinn som tradisjonelt i staden blei isolert med sennegras.
Andre definerer katankar som «en stivere utgave av dosso, en tovet ullfiltsokk som brukes i skaller.»Dialektordene katanker og dosso forklart i NRKs Språkteigen 09. juli 2017 Nemningane har kome inn i norske dialektar i nord gjennom kontakten med nabofolk. På russisk kan filtstøvlane valenki òg kallast katanki.Dialektordene katanker og dosso forklart i NRKs Språkteigen 09. juli 2017 «Dosso» kjem av ordet tosso som på finsk og kvensk kan brukast om 'tøffel' eller 'sko'.
Sjå òg
Filttøflar, tovesko, varme tøflar av filt Skallar, samiske skinnstøvlar Kamikkar, tradisjonelle grønlandske støvlar Lapti, tradsjonelle russiske bastsko Sapogi, russiske langstøvlea (skaftestøvlar)
Andre russiske vinterplagg:
Telogreika, vattert bomullsjakke Usjanka, russisk loslue i pels Afghanka, den russiske hæren sin uniform i Den afghansk-sovjetiske krigen 1978–1989
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Valenki» frå , den 29. oktober 2021.
Bakgrunnsstoff
Om valenki (på engelsk) Kategori:Russiske ord og uttrykk Kategori:Russisk kultur Kategori:Fottøy