Bjørn Tomren () er ein norsk jodlar, strupesongar, visesongar, komikar og komponist frå Tomrefjord i Møre og Romsdal dit han flytta frå Isfjorden i Rauma då han var 3 år gamal.
Han vart kjend under artistnamnet Polkabjørn i polka- og jodleduoen «Polkabjørn og Kleine Heine». Etter starten i 2006 opptredde dei på festivalar, barar og som konferansierar.Romsdals Budstikke 22. mai 2017: «– Det startet som en spøk. Vi fant en sprø nisje» Dei opptredde under ski-VM i 2011 i Oslo. I det høvet laga dei låten «I like to ski» med Daniel Herskedal, Ole Edvard Antonsen og Hallvar Djupvik.
Tomren har drege Noreg på langs på fire ulike måtar: på ski, til fots, padlande og roande. Han er låtskrivar og spelar i visegruppa «Kniven på strupen» saman med Ole Paus, strupesongtrioen «Huurd Altan Hangai Tu», americanabandet «The Thomas Quickstep Experience», salmesongtrioen «Samantha Foxtrot», elektronikaduoen «FIK», pønkbandet «Tomra Konfeksjon», coverbandet «Ni Hong And te Clay He Hos» og salmesongkollektivet «Tomra Pjolter- og Salmesangforening».
Tomren gav i 2019 ut sitt fyrste album, Bad Science Fiction.https://www.bt.no/kultur/i/jdMK6n/mannen-bak-polkabjoern-viser-sin-moerke-side
I 2021 vann han den tiande sesongen av NRK-programmet Stjernekamp. Han heldt òg konsert under Festspela i Bergen i 2021.
Diskografi LP Bad Science Fiction – (Propeller Recordings, 2019)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bjørn Tomren» frå , den 30. oktober 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Vestnes Kategori:Norske songarar