Julia Fiona Roberts () er ein amerikansk skodespelar. Ho vart først kjend etter å ha spelt i den romantiske komedien Pretty Woman saman med Richard Gere. Sidan den gong har ho spelt i fleire kjende filmar, motteke ei rekkje prisar, og vorte blant dei best betalte skodespelarane i Hollywood.

Bakgrunn Roberts vart fødd i Smyrna i Georgia 28. oktober 1967. Foreldra skilde seg i 1972, då Roberts var 5 år gammal. Faren hennar, Walter Grady Roberts, jobba som ein støvsugarseljar og skodespelar. Mora, Betty Lou Bredemus, jobba som sekretær i ei kyrkje i tillegg til at ho var skodespelar. Mora gifta seg igjen med ein annan mann, medan faren døydde av kreft fire år seinare.

Som ung ville Roberts bli veterinær. Men etter at ho var ferdig på Smyrnas Campbell High School drog ho til søstera si i New York for å utvikla seg som skodespelar. I New York byrja ho som modell for Clicks modelling samtidig som ho tok skodespelartimar.

Privatliv Roberts var forlova med skodespelaren Kiefer Sutherland ei tid. Den 25. juni 1993 gifta ho seg med countrysangeren Lyle Lovett i St. James Lutheran Church i Marion i Indiana. Dei vart separerte i mars 1995 og seinare skilde. Roberts hadde eit tilhøve til skodespelaren Benjamin Bratt frå 1998 til 2001.

Roberts møtte den kommande ektemannen sin, kameramannen Daniel Moder, under innspelinga av filmen Meksikaneren i 2000. Ho var då i eit forhold med Bratt, medan Moder var gift med Vera Steimberg. Han søkte om skilsmisse litt over eit år seinare. Roberts og Moder gifta seg 4. juli 2002 på ranchen hennar i Taos i New Mexico. Dei har tre barn saman: tvillingene Hazel Patricia og Phinnaeus «Finn» Walter Moder (fødd 28. november 2004) og Henry Daniel Moder (fødd 18. juni 2007).

Magasinet People har kåra Roberts til ei av dei 50 vakraste kvinnene i verda åtte gonger.

Filmar Dei mest-tenande filmane til Roberts er:

Andre filmar er mellom anna: År Norsk tittel Original tittel Rolle 2009 Duplicity Duplicity Claire Stenwick 2008 Fireflies in the Garden Fireflies in the Garden Lisa Lawrence-Taylor 2007 Charlie Wilson's War Charlie Wilson's War Joanne Herring 2006 Charlottes tryllevev Charlotte's Web Edderkoppen Charlotte A. Cavatica 2006 Maurbølla The Ant Bully Hova 2004 Ocean's Twelve Ocean's Twelve Tess Ocean 2004 Closer Closer Anna 2003 Mona Lisa Smile Mona Lisa Smile Katherine Ann Watson 2002 Confessions of a Dangerous Mind Confessions of a Dangerous Mind Patricia Watson 2002 Full Frontal Full Frontal Catherine/Francesca 2002 Grand Champion Jolene 2001 Ocean's Eleven Ocean's Eleven Tess Ocean 2001 America's Sweethearts America's Sweethearts Kathleen "Kiki" Harrison 2001 Meksikaneren The Mexican Samantha Barzel 2000 Erin Brockovich Erin Brockovich Erin Brockovich 1999 Runaway Bride Runaway Bride Maggie Carpenter 1999 Notting Hill Notting Hill Anna Scott 1998 Side ved side Stepmom Isabel Kelly 1997 Sammensvergelsen Conspiracy Theory Alice Sutton 1997 Min beste venns bryllup My Best Friend's Wedding Julianne Potter 1996 Alle sier "I Love You" Everyone Says I Love You Von Sidell 1996 Michael Collins Michael Collins Kitty Kiernan 1996 Mary Reilly Mary Reilly Mary Reilly 1995 Elsk meg eller stikk Something to Talk About Grace King Bichon 1994 Den nakne sannhet Prêt-à-Porter/Ready to Wear Anne Eisenhower 1994 I Love Trouble I Love Trouble Sabrina Peterson 1993 Pelikan-rapporten The Pelican Brief Darby Shaw 1991 Hook Hook Tinkerbell 1991 Kjærlighetens valg Dying Young Hilary O'Neil 1991 I seng med fienden Sleeping with the Enemy Sara Waters/Laura Burney 1990 Inn i det ukjente Flatliners Rachel Mannus 1990 Pretty Woman Pretty Woman Vivian Ward 1989 Blomster av stål Steel Magnolias Shelby Eatenton Latcherie 1989 Blood Red Maria Collogero 1988 Mystic Pizza Mystic Pizza Daisy Arujo 1988 Satisfaction Daryle

Prisar 1990: Golden Globe: Beste kvinnelege birolle i filmen Steel Magnolia sin 1991: Golden Globe: Beste kvinnelege skodespelar i ein komede; Pretty Woman 2000: Oscar, BAFTA, Golden Globe, National Board of Review Award og Screen Actors Guild Award for beste kvinnelege skodespelar i filmen Erin Brockovich

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Julia Roberts» frå , den 5. november 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:USA-amerikanske filmprodusentar Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:Fødde i 1967