Siw Anita Andersen () er ein norsk skodespelar og komikar som har gjort seg merka både på scene og TV. Ho har særleg gjort seg merka på revyscena, men vert òg hugsa frå rolla som Målfrid i komiserien Mot i brøstet (1990-talet) og for karakteren Synne i fleire tv-seriar.

Scene Andersen er frå Oslo. Ho starta skodespelarkarrieren i 1987 i revygruppa Lompelandslaget. På Chat Noir har ho blant anna vore med i revyen Dames aften med guttene på slep (1999). I 2000 vart ho tilsett ved Oslo Nye Teater der ho dei første åra medverka i stykke som Båtpuss (2000), Jul i Blåfjell (2003–06) og Skulle det dukke opp flere lik, er det bare å ringe (2004). I 2004 var ho sentral i oppsetninga The Smuget Show på Smuget i Oslo (saman med Bjarte Hjelmeland, Trond Hanssen, Håvard Lilleheie og Pernille Sørensen), og i 2005 i den komiske revyen Kveiteprinsen saman med Åsleik Engmark og Teodor Janson.Dagbladet: Vann-vittig moro I 2019 deltok ho i Julegøy.

Ho har òg delteke i revyar og kabaretar med gruppa Lattergalen. Ho har òg medverka i farsar på Chateau Neuf og ABC-teateret og dessutan i ei rekkje av førestillingane om Kaptein Sabeltann i Kristiansand Dyrepark. I Sabeltann-førestillingane har ho spelt både Tante Bassa, Miriam av Gral, Francine Michelin og Malena Pirat.

TV og film På TV vert Andersen spesielt hugsa frå rolla som Målfrid komiserien Mot i brøstet som gjekk på TV 2 på 1990-talet. Dette var serien som gjorde henne kjend for det breie publikum i Noreg. Ho har sidan gjort seg merka i Nissene på låven (2001), Etaten (2006), Jubalong (2006–2008), Lille Nøtteaften (2008), Nissene over skog og hei (2011) og Nissene i bingen (2021). Ho har spelt sørlands-karakteren Synne i fleire av desse seriane.

Ho har hatt få filmoppdrag, men hadde ei lita birolle i komedien Showbiz - eller hvordan bli kjendis på en-to-tre! (1989) og i eventyrfilmen Kvitebjørn Kong Valemon (1991). I tillegg har ho sett norsk stemme til fleire amerikanske animasjonsfilmar, blant anna til ein sentral figur i animasjonsfilmen Oppdrag Nemo (2004) og til hovudfiguren i Oppdrag Dory (2016).

Prisar

Komiprisen 2002 i klassa beste kvinnelege revy- og komedieartistNRK: Komiprisvinnerne 2002 Leif Justers ærespris 2012 saman med Brede Bøe, for sin innsats i norsk revy.

TV-opptredenar

1994–1997 Mot i brøstet .... Målfrid 1999 Tusenårsfesten ... Målfrid (spesialepisode med karakterane frå Mot i brøstet og Karl & Co som hadde premiere på video) 2001 Sushi ... Fleire roller 2001 Nissene på låven ... Synne 2002 På klozz hold ... 2006 Etaten ...Berit 2006 Jul i Tøyengata ... Iram 2006–2008 Jubalong ... Mette 2008 Lille Nøtteaften ... Synne 2011 Nissene over skog og hei ... Synne 2021 Nissene i bingen ... Synne

På scena Ved Oslo Nye Teater

2000 Båtpuss 2002 Karlsson på taket 2002 Den syngende Frøken Detektiv 2003 Kvinnen som giftet seg med en kalkun 2004 Skulle det dukke opp flere lik, er det bare å ringe 2003–2006 Jul i Blåfjell 2008 Singin' In The Rain 2009 Les Misérables

Kaptein Sabeltann

2004-2006, 2010 og 2013 Kaptein Sabeltann og grusomme Gabriels skatt 2007-2009 Kaptein Sabeltann og den forheksede øya 2011-2012 Kaptein Sabeltann og havets hemmelighet 2014-2015 Kaptein Sabeltann og jakten på den magiske diamant

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Siw Anita Andersen» frå , den 10. november 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske komikarar Kategori:Skodespelarar frå Oslo Kategori:Skodespelarar frå 1900-talet Kategori:Skodespelarar frå 2000-talet