mini|Clara Wieck i 1828, rundt tida for den fyrste opptredenen hennar som pianist. Utsnitt av ein miniatyr i elfenbein mini|Clara Wieck 15 år gammal. Litografi av Julius Giere frå 1835. Notane er av hennar eigen klaverkonsert op. 7. mini|Clara Schumann, Pastellteikning av Franz von Lenbach etter skisser frå 1878Bernhard R. Appel u. a. (red.): Clara und Robert Schumann. Zeitgenössische Porträts. Droste, Düsseldorf 1994, s. 105 ff. Clara Josephine Wieck Schumann () var ein tysk pianovirtuos og komponist frå romantikken.

Saman med namn som Franz Liszt, Frédéric Chopin og Anton Rubinstein høyrer Clara Schumann til ein av dei beste pianistane på 1800-talet. Ho reformerte klaverspelet ved å krevja at ein spelte absolutt notetru, og ho medverka dermed sterkt til det som er fortolkingspraksis i dag.

I løpet av si 61 år lange karriere endra Clara Schumann formatet til pianokonserten og repertoar. Dei gjekk frå å vera ei plattform for framvising av virtuositet til ein kanonisert og standardisert konserttype, basert på verk frå den klassisk-romantiske perioden. I prosessen endra ho smaken til publikum.

Clara Schumann bidrog i betydeleg grad til å gjera ektefellen Robert Schumann sin musikk kjend og akseptert i Europa, både gjennom konsertverksemda si og ved å redigera og gje ut verka hans. Clara sine eigne komposisjonar har fyrst i seinare tid vorte vigd merksemd.

Liv og karriere

Oppvekstår Clara Wieck var dotter av Friedrich Wieck og Mariane Tromlitz. Faren hennar var teolog- og klaverutdanna, mora var songar og pianist. Foreldra vart skilde medan Clara var lita, og ho vaks opp hos faren. Frå Clara var rundt fem år gammal fekk ho klaverundervisinga lagt opp etter ein klaverpedagogisk metode utvikla av faren. I metoden inngjekk ei mengd element. Det dreidde seg om blant anna ei målretta anslagsutdanning, gehørutvikling, partiturstudium, improvisasjon, samspel, analyse, fortolkings- og repertoarstudium, satslære, kontrapunkt, fiolin og song. Clara måtte òg læra seg fransk og engelsk. Den yngre halvsystera Marie Wieck, som fekk same utdanning, vart ein kjend pianist og songar, men fekk aldri same ry som Clara.

Clara si utvikling som pianist var svært rask. Sjølv rekna ho ein konsert 20. oktober 1828 som den offentlege debuten sin, og denne markerte starten på ein over 60 år lang strålande konsertkarriere.Kopiez, Lehmann, Klassen: Clara Schumann's collection of playbills: A historiometric analysis of life-span development, mobility, and repertoire canonization, Poetics 37 (2009), s. 64, fig. 7. Ho byrja òg å komponera i ung alder. Quatre Polonaises op. 1 vart publisert då ho var ti eller elleve år gammal. Snart følgde Caprices en forme de Valse, Valses romantiques, Quatre Pièces Caractéristiques, Soirées Musicales, ein klaverkonsert og mykje anna.

Clara Wieck vart kjend med Robert Schumann i 1828, då ho var åtte-ni år gammal.Ernst Burger: Robert Schumann. Schott Verlag, Mainz 1999, s. 67. Frå oktober 1830 budde han eit års tid hos Wiecks for å få undervising av far til Clara. Mot slutten av 1835 utvikla det seg ein romanse mellom Schumann og den 16 år gamle Clara. To år etter bad Schumann om samtykke frå Friedrich Wieck til å gifta seg med Clara. Sjølv om Robert var ein lovande komponist og allereie ein temmeleg vellukka musikkredaktør, forbaud far til Clara all kontakt mellom dei. Faren hadde gjennom heile oppveksten til dottera freista å få full kontroll over henne, og denne hangen fekk no tyranniske dimensjonar. Han stelte til fleire konsertturnear for å sikra at dei blei haldne geografisk skilde frå kvarande, og overvakte ho nærast døgnet rundt. Ein gong sende han henne i 1837 til vener i Dresden. Akkurat denne taktikken slo feil då det viste seg at venene tok stilling for det unge kjærasteparet. Brev Clara skreiv til Robert i all løyndom tyder på at faren nekta ho tilgang til blekk:

«Ikke kritisér meg for at jeg skriver så fryktelig stygt, men forestill deg meg her jeg står og skriver med arket liggende på kommoden. Hver gang jeg skal stikke pennesplitten i blekkhuset må jeg løpe inn i den andre stuen.»Berthold Litzmann: Clara Schumann. Ein Künstlerleben. Nach Tagebüchern und Briefen. 1. bind. Breitkopf & Härtel, Leipzig 1902, s. 190.

Og ein annan gong:

«Jeg ber deg, ikke vær sint på meg for at brevet blir så kort, men ta hensyn til at klokken er ti og jeg står i rommet mitt og skriver med hjertet fullt av angst»Berthold Litzmann: Clara Schumann. Ein Künstlerleben. Nach Tagebüchern und Briefen. 1. bind. Breitkopf & Härtel, Leipzig 1902, s. 197.

I september 1839 gjekk Clara og Robert rettens veg for å få løyve til å gifta seg. Etter å ha halde ut uthalingstaktikken til faren, gifta dei seg endeleg den 12. september 1840, dagen før Clara fylte 21 år og uansett nådde myndig alder.

Samliv med Robert Schumann mini|Seks av dei åtte borna, ambrotypi frå 1854. Clara og Robert Schumann fekk i åra 1841 til 1854 åtte born. Sju av dei vaks opp. Yngstebornet, Eugenie (1851–1938) vart ein kjend pianist og forfattar.

Dei første fire åra budde ekteparet i dagens Schumann-Haus i Leipzig. Personar som Felix Mendelssohn Bartholdy, H.C. Andersen og Franz Liszt var hyppige gjester i heimen som hadde ein eigen sal der det vart arrangert konsertar og opplesningar.

Samlivet med Robert vart ikkje heilt som Clara hadde førestilt seg. Ho var fri frå kontrollregimet til faren, men ektemannen var heller ikkje heilt framand for å kontrollera henne. Likevel kunne ho no ta igjen det ho hadde mista av allmenndanning under faren sitt tyngande opplærings- og konsertprogram. Clara las mykje, blant anna Goethe, Shakespeare og Jean Paul, og påverka av mannen kunne ho konsentrera seg om musikken til tungvektarar som blant anna Johann Sebastian Bach, Ludwig van Beethoven og Frédéric Chopin, i tillegg til Robert Schumann sjølv.

Dei første åra unngjekk Clara å reisa på konsertturnear. Robert ville ha ho ved si side, men hindra samstundes at ho fekk øvd tilstrekkeleg fordi spelinga hennar forstyrra han i hans eige arbeid. Han la seg òg opp i komposisjonane hennar, vende tommelen ned for konsertant virtuositet og bravur, og ville at ho skulle byrja å skrive meir som han sjølv gjorde. Dei levde på ein relativt høg fot, og det viste seg snart at utan dei store inntektene frå konsertverksemda hennar, sleit familien med å halda hovudet over vatnet. Til slutt fekk ho gjennom viljen sin om å reisa på konsertturnear igjen. Konsertane kom òg ektemannen til gode ved at ho bidrog til å gjera musikken hans kjend i Europa, framfor alt etter at han var død.

I periodar hadde Robert Schumann problem med den psykiske helsa si og sleit iblant med sjølvmordstankar. Frå tidleg 1854 forverra tilstanden seg alvorleg, og 4. mars 1854 vart han lagt inn på eit psykiatrisk sjukehus ved Bonn der han budde heilt fram til han døydde drygt to år seinare.

Joseph Joachim og Johannes Brahms mini|Clara Schumann (1896) mini|Detalj frå Schumann-gravsteinen på Altar Friedhof Bonn. Clara Schumann er framstelt som ein muse sitjande ved sin mann sine føter. Clara og Robert møtte fiolinisten Joseph Joachim første gong i november 1844. Då var Joseph rundt 14 år gammal.Litzmann 1913, bind. 1, s. 366. Clara og Joachim vart etterkvart gode vener og ho spelte fleire konsertar saman med han enn med nokon annan.Litzmann 1913, vol. 2, s. 41Reich, 2001, s. 206 Dei vart spesielt kjende for framføringane sine av Beethoven sine sonatar for fiolin og klavar.Reich 2001, s. 207

Våren 1853 kom den då ukjende 20 år gamle Johannes Brahms til Clara og Robert Schumann sin heim i Düsseldorf. Med seg hadde han eit introduksjonsbrev frå Joseph Joachim. Brahms spelte nokre av sine eigne klaverstykke for dei, og djupt imponert skreiv Clara i dagboka at Brahms var som gudesendt.Litzmann 1913, bind 2, s. 42 23. oktober 1854 framførte ho «Andante» og «Scherzo» frå Brahms' Pianosonate nr. 3 i f-moll. Dette er den første kjende offentlege framføringen av Brahms-stykke.Litzmann 1913, bind 2, s. 90 Seinare urframførte ho enkelte andre av verka til Brahms, til dømes Variasjoner og fuge over et tema av Händel.13th of September 2012 Clara Schumann Google Doodle -from The News Clerks

Etter at Robert vart lagt inn på institusjon, budde Brahms hos Clara Schumann og følgde ho på konsertreiser. Nyare biografiar om Clara Schumann stiller spørsmål om kva som eigenleg skjedde mellom dei to.

Dei siste årtiene Etter at ektemannen døydde sende Clara fem av borna til oppfostring hos andre. Berre dei to yngste, Eugenie og Felix, vart heime igjen hos henne. I oktober 1857 flytta ho til Berlin, og i 1863 slo ho seg ned i Baden-Baden.Schumann in Düsseldorf. Düsseldorfer Wohnungen. schumann-gesellschaft.de, hentet 11. desember 2016. Sitat: „… ehe sie knapp 15 Monate nach dem Tod ihres Mannes Düsseldorf mit Berlin vertauschte.“

I Baden-Baden var ho i eit års tid i eit forhold med komponisten Theodor Kirchner. Han leid av alvorleg speleavhengnad, og det sleit såpass på forholdet at ho gjorde det slutt i 1864.Nancy B. Reich: Clara Schumann, the artist and the woman. Cornell University Press, Ithaca / London 2001, s. 191.Beatrix Borchard: Clara Schumann – Ihr Leben. Eine biographische Montage, 3., überarbeitete und erweiterte Auflage, Olms, Hildesheim 2015, s. 269. Livet hennar vart på ny fylt av konsertreiser gjennom Europa, over alt vart ho feira som ein av Europas største pianistar.

Revmatisme, artritt, og problem med høyrsla gjorde at ho byrja å trappa ned konsertane frå 1873 av. I 1874 tok ho ein pause frå konsertverksemda og i 1875 gav ho berre konsertar i Tyskland. Frå 1876 var ho regelmessig i London, men i 1888 tok ho avskjed med det trufaste London-publikum med Robert Schumanns Carnaval.Julia M. Nauhaus: Konzertreisen og Konzertliste i Schumann-Portal. Henten 8. juni 2021. I 1878 vart ho klaverlærar («Ersten Klavierlehrerin») ved Dr. Hoch's Konservatorium i Frankfurt am Main. Stillinga hadde ho fram til 1892. Schumann redigerte òg Robert Schumanns komposisjonar og bidrog til å få musikken hans utgjeven på musikkforlaget Breitkopf & Härtel.

Ho gav sin siste konsert den 12. mars 1891, i ein alder av 71 år. Men ho heldt fram å undervisa og spela til husbruk fram til det siste leveåret sitt. Den 26. mars 1896 vart Clara Schumann ramma av eit slaganfall og døydde få månader seinare. Etter eige ønske vart ho bisett ved sida av Robert Schumann på Altar Friedhof Bonn.

Komponist Allereie frå ung alder sørgde faren for at Clara fekk komposisjonsundervising. Lærarar var thomaskantoren Christian Theodor Weinlig og kapellmeister Heinrich Dorn. Undervisinga var nok ikkje spesielt grundig, spesielt i dei første komposisjonane er det lett å spora mangelen på teoretisk utdanning. Robert Schumann omgjekk taktfullt denne veikskapen i ein omtale av hennar Soirées musicales op. 6 (1834–1836) i Neue Zeitschrift für Musik ved å karakterisera stykket som ein «framandarta fantasi.»