Greta Garbo (fødd Greta Lovisa Gustafsson, ) var ein svensk skodespelar. Ho vart nominert til Oscar for beste kvinnelege hovudrolle fire gonger og vart løna med ein æres-Oscar i 1955. Garbo er kjend som ein av dei mest myteomspunne personane i filmhistoria. Ho var kjend for sin karisma, klassiske venleik og gåtefullheit. I 1999 vart ho kåra til tidenes femte største kvinnelege filmlegende av Det amerikanske filminstituttet.

Før gjennombrotet Greta Gustafsson voks opp i enkle kår i ein av dei fattigaste bydelane i Stockholm. Faren døydde då ho var fjorten år, og ho måtte tidleg tena til livsopphald. Ho byrja å jobba i ein frisørsalong, seinare vart ho ekspeditrise i eit varemagasin. Den store draumen hennar var å bli skodespelar, og mot alle odds kom ho gjennom nålauget under ei opptaksprøve på Dramaten, og mellom 1922 og 1924 studerte ho ved Dramatens elevskola i Stockholm. Her vart dei særeigne talenta hennar snart oppdaga av den svenske stjerneregissøren Mauritz Stiller, som gav henne kunstnarnamnet Greta Garbo. Han sørgde for at ho som 18-åring debuterte i ei filmatisering av Gösta Berlings Saga. Deretter fekk ho hovudrolla i to svenske spelefilmar og éin tysk. Stiller overtydde henne likevel om at framtida hennar var i USA, og med han som manager og nær venn drog dei i 1925 saman til Hollywood. Dette vart starten på ein eksepsjonell filmkarriere.

Hollywoodårene venstre|mini|Garbo rundt 1930. I USA skaffa Stiller henne kontrakt med filmselskapet Metro-Goldwyn-Mayer. Det internasjonale gjennombrotet kom med Eros (1926) som umiddelbart gjorde ho til ein av dei største stjernene innan stumfilm. Det tette tilhøvet til Stiller kjølna likevel i takt med det stigande ryet til Garbo. Han reiste attende til Sverige i 1928, der han døydde kort tid etter. Dette skal ha gått svært hardt inn på Garbo, som likevel valde å halda fram filmkarrieren. I motsetnad til mange stumfilmstjerner, heldt ho på stjernestatusen då lydfilmen overtok. Trass den mørke, monotone stemmen sin og den gebrokne engelsken, fascinerte ho no kan hende i endå sterkare grad publikum heilt frå den første talefilmen sin, Anna Christie i 1930. Suksessen vart følgd opp med rollen som spion i Mata Hari (1931), og dessutan Grand Hotel (1932) der ho spelte ei dansarinne.

Fram til ho døydde i 1990 levde Garbo heilt tilbaketrekt i ei luksusleilegheit i New York. Ho gifta aldri seg og fekk ingen barn. Garbo vart nominert til Oscar for beste kvinnelege hovudrolle fire gonger. Ho mottok ein æres-Oscar i 1955, men var ikkje sjølv tilstades ved utdelinga. Garbo har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. I 1999 vart ho kåra til den femte største kvinnelege filmlegenda gjennom tidene av Det amerikanske filminstituttet. mini|Portrett av Arnold Genthe (1925).

Filmografi + StumfilmerÅrTittelRolleRegissørMotspelarMerknad 1920Herrskapet Stockholm ute på inköpEldre søsterReklamefilm. Garbo sitt segment, 27. desember 2010. Henta 3. april 2012. Klippet inneheld også andre «Garbo-reklamar» frå 1920 og 1921. er ofte kjend som «korleis ein ikkje skal kle seg». Reklamen hadde premiere 12. desember 1920."Herrskapet Stockholm ute på inköp (1920)" The Swedish Film Database, Swedish Film Institute. Henta 3. april 2012. {svensk} 1921En lyckoriddareStatist Ikkje kreditert. Filmen er tapt.Konsum Stockholm PromoCompanionReklamefilm.1922Luffar-PetterGretaKomedie på to filmrullar. Den fyrste rolla til Garbo i ein kommersiell film.1924Gösta Berlings SagaElizabeth DohnaDen fyrste hovudrolla til Garbo i ein spelefilm, regissert av mentoren hennar, Mauritz Stiller.1925Bak gledens maskeGreta RumfortGarbo speler hovudrolla i denne tyske filmen regissert Georg Wilhelm Pabst. 1926Alt undtagen kjærlighetLeonora Morenoogså kjent som La BrunnaDen fyrste filmen ti Garbo i USA. Alle dei etterfølgjande filmane hennar er lag i Hollywood og produsert av MGM.Fristerinnen ElenaStiller var opphavleg tiltenkt regien av denne filmen, men måten hans å regissera på førte til konfliktar i høve til MGM-produsenten Irving Thalberg, som sparka han.ErosFelicitasDen fyrste av sjua filmar regisserte av Clarence Brown som Garbo spelte i, og den fyrste av fire filmar med John Gilbert som motspelar.1927Anna Karenina Anna KareninaEtter Tolstoj sin roman Anna Karenina. 1928En guddommelig kvinne MarianneFilmen er tapt, berre 9 minutt av han er att.Den mystiske kvinnen Tania FedorovaDen grønne hatt Diana Merrick FurnessDen fyrste av sju Garbo-filmar der ho spilte mot Lewis Stone som, med unntak av Ville orkidéer, spelte biroller. 1929Ville orkidéer Lillie SterlingA Man's ManSeg sjølvGarbo og John Gilbert opptrer i gjesteroller. Tapt film.Den nye moral Arden Stuart Hewlett,Kysset Irene GuarryGarbos og MGMs siste stumfilm. + LydfilmarÅrTittelRolleRegissørMotspelarMerknad 1930Anna ChristieAnna Christie,Den fyrste talefilmen til Garbo, og den fyrste nominasjonen hennar til Oscar for beste kvinnelege hovudrolle.Ditt navn er kjærlighet Madame Rita CavalliniNominert—Oscar for beste kvinnelige hovedrolleAnna ChristieAnna Christie,MGM sin tyske versjon av Anna Christie som kom ut i 1930. Salka Viertel, ein nær venn av Garbo, var seinare medforfattar av fleire av hennar filmmanus. 1931Inspirasjon Yvonne ValbretSusan Lenox (Her Fall and Rise)Susan LenoxMata HariMata HariEtter den stjernespekka Grand Hotel, var dette den av Garbo sine filmar som spelte inn mest pengar. 1932Grand HotelGrusinskaya,,,Oscar for beste filmSom du vil ha meg Zara alias Marie,Den fyrste av tre filmar med Douglas.1933Dronning ChristinaDronning Christina1934Det brokete slør Katrin Koerber Fane1935Anna KareninaAnna KareninaNew York Film Critics Circle-prisen for beste kvinnelege hovudrolle1936Kameliadamen Marguerite Gautier 1937Maria Walewska Grevinne Maria WalewskaPå grunn av totalkostnaden på denne ekstragagante produksjonen, som gjekk over budsjettet, kombinert med den dårlege mottakinga på kino, tapte denne filmen 1 397 000 US-dollar.1939NinotchkaNina Ivanovna «Ninotchka» Yakushova1941Den lettsindige tvilling Karin Borg BlakeNational Board of Review-prisen for beste skodespelar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Greta Garbo» frå , den 11. november 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folk frå Stockholm Kategori:Hollywood Walk of Fame Kategori:Oscarvinnarar Kategori:Svenske skodespelarar Kategori:Døde i 1990 Kategori:Fødde i 1905