Anne Agnes Kirstine Bitsch () er ein dansk-norsk forfattar og feminist. Ho er fødd i Danmark, men har budd og arbeidd i Noreg sidan ho var 18 år.

I 2018 tok Bitsch doktorgrad i samfunnsgeografi på Universitetet i Oslo.Anne Bitsch Voldtektens geografi En studie av den rettslige forvaltningen av seksuelt medborgerskap i Norge. PhD-avhandling Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi Universitetet i Oslo 2018 Ho har særleg skrive om menneskerettar, kjønn og seksuell vald. I 2017 mottok ho Kritikarprisen for boka Går du nå, er du ikke lenger min datter. Boka drøftar blant anna omsorgssvikt. I 2021 gav ho ut ei bok om det rasistisk motiverte Holmlia-drapet og den påfølgjande rettssaken.

Bibliografi

2012 – Bak lukkede dører. En bok om voldtekt (sammen med Anja Emilie Kruse) 2017 – Går du nå, er du ikke lenger min datter 2021 – Brorskapet - en historie om drapet på Benjamin Hermansen Gyldendal ISBN 9788205531147 2022 – Den norske skyld. En beretning fra rettssaken mot Philip Manshaus Res Publica

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Anne Bitsch» frå , den 11. november 2021.

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Danske forfattarar