Karen Gunhilde Bruland-Nilssen () var ein norsk forfattar, omsetjar og redaktør kjend som Kaia Bruland-Nilssen

Ho var dotter av skomakermeister Thorsten Michelsen og Hanne Malane, fødd Hansen. Ho fekk namnet Bruland frå stefar sin, gullsmed Nils Bruland. Ho var gift med Henrik Nilssen, som utgav bladet «Skogstjernen» frå 1895. Kaia Bruland-Nilssen skreiv mange tekster som vart trykte i Skogstjernen.

Ho starta den litterære karrieren som bidragsytar til det satiriske vekebladet Spidskuglen. Bøkene ho gav ut var for den meste skjønnlitteratur; romanar, noveller og poesi. Dei vart utgjevne dels under namnet Kaia Bruland, og dels som Kaia Bruland-Nilssen.

I 1903 gav ho ut boka Aagot Vangen - et livsbillede på B. Omtvedts Forlag. Denne boka frå 1903 var ein biografi i roman-form om den unge bilethoggaren Aagot Vangen.

I 1909 byrja ho som redaktør i bladet «Hjemmets Ven», ei stilling ho hadde til 1917. I perioden 1911-1914 var ho òg redaksjonssekretær i tidsskriftet «Hver 8. Dag».

Bøkene hennar fekk svært gode meldingar, og kom dels til i fleire opplag. Fleire av bøkene vart omsette til engelsk og svensk.

Bibliografi 1895: Violinspilleren : originalfortælling. Svensk oversettelse 1910. 1896: Stedmoder og steddatter 1897: Sjøgutten : original fortælling 1898: Forstand og hjerte : fortælling. 1899: Tante Ellen : fortælling. Denne boka gjekk først som føljetong i Skogstjernen i 1897, under tittelen Straffet stolthed. 1903: Aagot Vangen : et livsbillede 1905: Dagmar Norgaards veninde. Denne boka gjekk først som føljetong i Skogstjernen i 1898. 1908: Skjærgaardsliv – fortælling 1910: Familien Granli 1915: Gutten som visste at hjelpe sig : vers 1915: Ungdomskjærlighet – fortælling 1917: Familiens yngste – fortælling. Denne boka gjekk først som føljetong i Skogstjernen i 1895-1896, under tittelen Vild som en gut. 1920: Alfhild Haug : fortælling 1922: Et ægteskaps historie 1929: Taushet som dræper 1933: Liv Bille Fra Midnatsolens land : digtsamling. Utgitt på 1900-talet. Glemte melodier: juleskisser. Utgitt på 1900-talet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kaia Bruland-Nilssen» frå , den 12. november 2021.

Kategori:Folk frå Arendal Kategori:Norske redaktørar Kategori:Norske omsetjarar Kategori:Norske forfattarar