Ingrid Kristin Dokka () er ein norsk skribent, filmhistorikar og regissør.

Dokka er utdanna ved UiO, med hovudfag i medium og kommunikasjon (1993). Ho har arbeidd med film og filmdistribusjon ved Norsk filminstitutt og som filmkonsulent ved Nordnorsk filmsenter. I 2020 gjekk Dokka frå Nordnorsk filmsenter i Tromsø til Kristiansand, der ho vart leiar for Sørnorsk filmsenter. Ho er æresmedlem av Norsk filmkritikerlag og har blant anna skrive for Klassekampen og Filmtidsskriftet Z. Ho sat i juryen ved utdeling av den internasjonale filmprisen Human Rights Human Wrongs under HUMAN internasjonale dokumentarfilmfestival i 2019.

Dokka debuterte som regissør med dokumentarfilmen Line D.Pedersen - portrett av ei kvinne (1986/7). Deretter laga ho dokumentarfilmane Ingen rød løper (1989) og i samarbeid med Jan Åsmund Jakobsen og Olaf Storø Isbjørn i magen – ild i hjertet (2009). I 2015 kom filmen Hjerte i jazzen, som ho laga saman med Jørn Stenersen og Hans Morten Wærp.

Filmografi

1986: Line D.Pedersen-portrett av en kvinne 1988: Ingen rød løper 2009: Isbjørn i magen-ild i hjertet 2015: Hjerte i jazzen

Publikasjonar

2001 Jeg ser alt i bilder. Norsk filminstitutt. 2014 Signatur. Akademisk fagforlag. 2015 Visions of Sápmi. Arthub Publisher. 2015 100 kvinner. Museumsforlaget. 2015 Ta det som en mann, da frue. Emila forlag.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ingrid Dokka» frå , den 13. november 2021.

Kategori:Folk frå Kongsberg Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske filmregissørar