Stina Ekblad () er ein finlandssvensk skodespelar.
Biografi Ekblad er dotter av ein småbrukar frå den finske Österbotten utanfor Vasa.
Ho vart skodespelar fordi ho oppdaga at det å vera skodespelar var den beste måten å få fram dei språklege uttrykksbehova sine. Då det var vanskeleg å få utdanning for dette i Finland flytta ho sytten år gammal til Danmark der ho først gjekk på folkehøgskole og sidan på teaterskolen før ho hamna på Odense Teater der ho var i ni år. I løpet av den tida hadde ho filmdebuten sin i den finsk-svensk TV-serien Amirika (1975).
Deretter flytta ho til Stockholm og Sverige og arbeidde først ved Stockholms stadsteater i 1980 og frå 1987 Dramaten.
Mange karakteristikkar har vore nytta for å fanga karakteren hos denne eigenarta skodespelaren. Mykje siktar til utsjånaden og den milde finlandssvenske dialekten hennar, med nemningar som «hulder» eller «lys, rank bjørk». Ho har mange gonger fått spela figurar som har vore både kunstneriske og veldig sjelfulle, som Siri von Essen i SVT sin store Strindberg-serie, August Strindberg ett liv (1985), eller som Agnes von Krusenstjerna i Mai Zetterling sin Amorosa (1986). Ho har òg kunna framstilla androgyne figurar som Ismael i Fanny og Alexander (1982) eller Tintomara i Drottningens juvelsmycke på Dramaten (1987). Men ho kan like gjerne opptre som meir reindyrka usympatiske figurar som filmdirektøren i Livsfarlig film (1988) eller sekretæren i Killinggängets TV-film På sista versen – en liten film om døden (1999). Ho spelte òg hovudrolla som markise de Sade i Ingmar Bergman si oppsetjing av Markisinnan de Sade (TV-versjonen 1992). Ho peikar seg ut ved den store presisjonen i opptredenane sine. Med si distinkte språkhandsaming har ho òg ofte vorte nytta som opplesar og resitatør.
Stina Ekblad mottok O'Neill-stipendiet i 1995 og i 2002 fekk ho eit fireårig professorat i scenisk skodespel med hovudvekt på teksttolking og språkleg framføring ved Teaterhögskolan i Stockholm.
Ho er gift med skodespelaren Jan Dolata.
Prisar og utmerkingar (utval)
2008 – Svenska Dagbladets Thaliapris 2007 – Svenska Akademiens teaterpris 1999 – Den kongelige medaljen Litteris et Artibus 1995 – Dramatens O'Neill-stipendiet 1986 – Guldbagge for beste kvinnelege hovudrolle Ormens vei på helleberget og Amorosa 1986 – Svenska Filmakademins Kurt Linder-stipendium 1985 – Svenska Akademiens Carl Åkermarks stipendium
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Stina Ekblad» frå , den 18. november 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Finlandssvenskar Kategori:Finske skodespelarar Kategori:Svenske skodespelarar