Olivia Isabel Rodrigo () er ein amerikansk songar, låtskriver og skodespelar.

Ho er kjend for rollene sina som Paige Olvera frå Disney Channel-serien Bizaardvark og Nini Salazar-Roberts frå Disney+-serien High School Musical: The Musical: The Series.

I 2020 skreiv ho kontrakt med Geffen Records og Interscope, og 8. januar 2021 gav ho ut sin første singel, «Drivers License», som toppa hitlistene i fleire land, blant anna i Noreg, der han toppa den norske singellista i fem veker. Singelen oppnådde større suksess i heimlandet hennar, USA, der han toppa Billboard Hot 100 i åtte veker. 1. april 2021 gav ho ut oppfølgjarsingelen Deja Vu. Denne debuterte på 8. plass på Billboard Hot 100, der ho vart den første artisten som debuterte på topp 10 med dei to første singlane sine. I Noreg nådde singelen ein 17. plass. Ei veke før debutalbumet hennar vart gjeve ut, gav ho ut sin tredje singel derfrå, «Good 4 U». Dette vart den andre singelen hennar til å toppa Billboard Hot 100. I Noreg debuterte han på ein 31. plass i veke 20, og klatra opp 30 plassar derfrå til førsteplass den påfølgjande veka.

Den 21. mai 2021 gav ho ut debutalbumet sitt Sour, som debuterte på fyrsteplass i Noreg, Storbritannia og fleire land. Noreg var fyrste land i verda til å motta sertifisering for dette albumet, der det fekk platinaplate allereie fire dagar etter utgjevinga.

Diskografi

Studioalbum

Sour (2021) Guts (2023) You Seem Pretty Sad for a Girl So in Love (2026)

Singlar

«Drivers License» (2021) «Deja Vu» (2021) «Good 4 U» (2021)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Olivia Rodrigo» frå , den 18. november 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tysk-amerikanarar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:USA-amerikanske songarar