Sissel Keyn Lodding () var ein norsk frilansjournalist. Ho var òg programleiar for den norske finalen i Melodi Grand Prix 1984.

Lodding vart fødd og voks opp i Oslo, og budde seinare ni år i England og sju i USA. Tilbake i Noreg tok ho utdanning innan journalistikk, etnologi og språk. Ho jobba blant anna som journalist i Aftenposten, og ho skreiv fleire bøker for barn og unge retta mot eit amerikansk publikum. I 1996 gav ho ut matboka Fra bambusskudd til gurkemeie: på oppdagelsesferd i innvandrerbutikkene på Aschehoug forlag.

Hausten 1983 vart ho plukka ut som eit av fleire unge fjes av NRKs underhaldningsavdeling, og trass mangelen på programleiarrøynsle fekk ho jobben med å leia den norske finalen i Melodi Grand Prix 1984. Dette var den einaste store tv-jobben ho hadde i løpet av karrieren. Ho budde i Oslo fram til ho døydde vinteren 2000.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sissel Keyn Lodding» frå , den 18. november 2021.

Kategori:Norske journalistar Kategori:NRK-tilsette