Vida Lill Gausemel Berge () er ein norsk radioprogramleiar, som først vart kjend då ho vann reality-TV-serien Paradise Hotel på TV3 i 2012.

Berge har sidan 2017 vore programleiar for ulike radioprogram i NRK P3, kor ho blant anna leidde P3aksjonen i 2017 med Ronny Brede Aase, Niklas Baarli og Tuva Fellman og igjen i 2018 med Brede Aase, Markus Neby og Adelina Ibishi.

Berge var sist programleiar for Norske Tilstander på NRK P3 saman med radiokollegaen Adelina Ibishi fram til mars 2019. Same året tok ho over jobben til Elisabeth Carew i Frokostshowet på radiokanalen P5.

Deltakingar på radio og fjernsyn Radio 2017–2019: Norske tilstander, NRK P3, programleiar 2019–: Frokostshowet, P5, programleiar

Fjernsyn 2012: Paradise Hotel, deltakar 2017-2018: P3aksjonen, programleiar 2020: Studio Paradise, programleiar 2020: 4-stjerners middag, deltakar 2021: Kompani Lauritzen, deltakar 2023: Fangene på fortet, deltakar

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Vida Lill Berge» frå , den 20. november 2021.

Kategori:Norske programleiarar Kategori:Paradise Hotel-deltakarar Kategori:Folk frå Ås