Ulrikke Falch () er ein norsk skodespelar, forfattar og samfunnsdebattant fødd i Oslo. Ho er mest kjend for rolla som Vilde Lien Hellerud i NRK-serien Skam. På sosiale medium har ho engasjert seg mot kroppspress, og fortalt korleis ho vart frisk frå eteforstyrringar. Falch og Susanne Kaluza starta kampanjen #postitgeriljaen på sosiale medium i juni 2017. Aksjonen fekk òg merksemd internasjonalt. I 2017 kåra Nettavisen Falch til ein av dei 25 mest innverknadsrike på internett i Noreg.

Falch har hatt over ein million følgjarar på bildedelingstenesta Instagram, men i midten av mars 2018 stengte ho kontoen då ho meinte ho trong ein pause. Ho gjenopna kontoen i byrjinga av april same år.

I august 2018 gav ho og medforfattaren Sofie Frøysaa ut boka Jenteloven - Feministisk førstehjelp.

Filmografi Fjernsyn 2015-2017: Skam 2019: F-ordet 2019: Unnskyld, Norge! 2020: Ulrikke uden skam 2021: Ligga – konsten att komma över sitt ex

Bibliografi

Jenteloven - Feministisk førstehjelp, saman med Sofie Frøysaa, 2018, Gyldendal, ISBN 9788205505872

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Ulrikke Falch» frå , den 25. november 2021.

Bakgrunnsstoff Ulrikke Falch på IMDB.com

Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Norske forfattarar