mini|Japp mini|Japp sjokoladebar Japp er ein sjokolade frå Mondelēz International, som i Noreg vert seld under merkenamnet Freia.

Sjokoladen består av mjølkesjokolade fylt med karamell og mjuk sjokolademarengs og minner om det konkurrerande sjokoladeproduktet Mars, med ørliten skilnad i både smak og innpakning. Japp vart lansert i Sverige av Marabou, Freia sitt svenske søsterselskap, i 1947. Produktet vart introdusert i Noreg i 1949 av Freia.

Då sjokoladen skulle lanserast i Sverige i 1947 var eit av namneforslaga Japs, det amerikanske slanguttrykk for «japanar». Marabou valde å gjera om «s» til «p» og enda dermed med namnet Japp.

Japp vart produsert på Rodeløkka fram til 2005, då produksjonen vart flytt til Kaunas i Litauen.

Kjelder

<references> </ref> </ref> </ref> </ref> </references>

Denne artikkelen bygger på «Japp» frå , den 1. desember 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Sjokoladeprodukt Kategori:Freia