«Loco Loco» (spansk for galen, galen) er ein serbisk popsong frå 2021 som vert framført av den serbiske jentegruppa Hurricane. Songen var det serbiske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland, og vart gjeven ut 5. mars 2021.

Om songen «Loco Loco» er komponert og produsert av Darko Dimitrov og Nemanja Antonić, medan Sanja Vučić har skrive teksta. Songen vart sloppen for digital nedlasting og strøyming 5. mars 2021.

Eurovision Song Contest Hurricane skulle ha delteke i Eurovision Song Contest 2020 med låten «Hasta la vista», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien. I staden vedtok kringkastaren Radio-televizija Srbije (RTS) at gruppa skulle få delta i Eurovision Song Contest i 2021 i staden. Vedtaket vart kunngjort 26. januar 2021, og tittelen til songen vart avsløra 23. februar same år. Songen vart offentleggjord 5. mars.

Serbia deltok i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest i Rotterdam Ahoy i Nederland torsdag 20. mai. Der kom den på åttendeplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 22. mai. I finalen enda songen på 15. plass med 102 poeng.

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Loco Loco» frå , den 3. desember 2021.

Kategori:Serbiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-songar Kategori:Serbiskspråklege Eurovision Song Contest-songar