«Birth of a New Age» (norsk omsetjing 'fødselen til ein ny tidsalder') er ein song frå 2021 av den surinamske songaren og låtskrivaren Jeangu Macrooy. Songen vart utgjeven 4. mars 2021 og var det nederlandske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 på heimebane i Rotterdam. Songen enda på 23. plass i finalen med 11 poeng.

Om songen «Birth of a New Age» er komponert og framført av musikaren Jeangu Macrooy. Hans manager, den nederlandske musikaren og produsenten Pieter «Perquisite» Perquin, står bak arrangementet og instrumenta i songen.

Macrooy er frå Surinam, men har budd i Nederland i ei årrekkje, og har vorte ein kjend person i landets musikkliv. Songen tek for seg vanskane mange minoritetar vert utsette for. Ifølgje songaren sjølv, skal songen inspirera folk til ikkje å gje opp, men stå saman og seie «rytmen din er opprør».

«Birth of a New Age» har engelsk tekst, men inneheld eit surinamsk ordtak frå morsmålet til Macrooy, sranan tongo: «Mi na afu sensi, no wan man e broko mi» (eg er ein halv cent, du kan ikkje knekka meg). «Ein halv cent» viser til den ein gong lågaste myntvaløren i Surinam, og som ikkje kan delast opp i lågare valørar.

Eurovision Song Contest «Birth of a New Age» representerte Nederland på heimebane i Eurovision Song Contest 2021, etter at den nederlandske kringskastaren AVROTROS internt valde Jeangu Macrooy til å representere landet i tevlinga i 2020 med songen «Grow». Men Eurovision Song Contest vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien, men AVROTROS vedtok at Macrooy i staden skulle få representere landet i 2021 med ein ny song.

Som vertsnasjon var Nederland automatisk kvalifisert til finalen i Rotterdam Ahoy laurdag 22. mai 2021. I finalen hadde «Birth of a New Age» startnummer 23, og den vart til slutt nummer 23 av 26 med 11 poeng. Alle poenga kom frå fagjuryane, medan han fekk 0 poeng i telefonavrøystinga.

Musikkvideo Den offisielle musikkvideoen til songen vart i likskap med låten sloppen 4. mars 2021. Videoen vart spela inn i Rijksmuseum i Amsterdam.

Listeplasseringar Liste (2021)Høgaste plasseringBelgia (Ultratip Flandern)40Litauen (AGATA)94Nederland (Top 40)37Nederland (Single Top 100)30Surinam (Magic 10)1

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Birth of a New Age» frå , den 3. desember 2021.

Kategori:Nederlandske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Fleirspråklege Eurovision Song Contest-songar