«Tout l‘Univers» (norsk omsetjing 'heile universet') er ein franskspråkleg popballade som vert framført av den sveitsiske songaren Gjon's Tears. Songen vart utgjeven 10. mars 2021 og er komponert av artisten sjølv, saman med Xavier Michel, Wouter Hardy og Nina Sampermans. «Tout l‘Univers» var det sveitsiske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland, der han enda på tredjeplass. Låten vart vald gjennom ei lukka juryvurdering i regi av den sveitsiske kringkastaren SRG SSR.

Om songen Melodien er komponert av den sveitsiske songaren Gjon Muharremaj, kjend under artistnamnet Gjon's Tears. Han har albansk bakgrunn; faren er kosovoalbaner, medan mora er frå den albanske hovudstaden Tirana. Muharremaj skreiv songen saman med Xavier Michel, Wouter Hardy og Nina Sampermans under ein sveitsisk låtskrivarleir, og det er han sjølv som framfører den.

Songen har fransk tekst, og tittelen tyder heile universet. Ser ein bort frå 2020, er «Tout l'Univers» det fyrste franskspråklege bidraget til Sveits i tevlinga på elleve år – etter at Michael von der Heide song «Il pleut de l'or» i 2010.

Eurovision Song Contest Gjon's Tears skulle ha representert Sveits i Eurovision Song Contest 2020 med songen «Répondez-moi». Men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien, og den sveitsiske kringkastaren SRG SSR vedtok at Gjon's Tears i staden skulle få representere landet i Eurovision Song Contest i 2021.

Vinteren 2020–21 presenterte artisten fleire ulike songar for ei jurygruppe på 100 personar, i tillegg til ein ekspertjury. «Tout l'Univers» fekk flest røyster frå dei to juryane og vart dimed det sveitsiske bidraget til Eurovision Song Contest 2021.

«Tout l‘Univers» var eitt av 17 bidrag i den andre semifinalen i Rotterdam Ahoy i Nederland torsdag 20. mai. Der vann songen semifinalen og kvalifiserte seg til finalen laurdag 22. mai. «Tout l'Univers» var det ellevte bidraget på scena under finalen. Songen vann juryavrøystinga, men vart nummer seks i telefonavrøystinga og enda til slutt på ein tredjeplass med 432 poeng samla. Dette var den beste plasseringa til Sveits i Eurovision Song Contest sidan 1993.

Listeplasseringar Liste (2021)Høgaste plasseringBelgia (Ultratop Flandern)50Finland (Suomen virallinen lista)5Hellas (IFPI Greece)27Irland (IRMA)52Island (Tónlistinn)13Litauen (AGATA)9Nederland (Single Top 100)16Noreg (VG-lista)36Portugal (AFP)118Storbritannia (UK Singles)93Sveits (Schweizer Hitparade)1Sverige (Sverigetopplistan)21Tyskland (Deutsche offizielle Charts)86Austerrike (Ö3 Austria Top 40)68

Utgjevingshistorikk RegionDatoFormatMerkeRef.Diverse10. mars 2021Digital nedlasting, strøymingJo&Co, distribuert via Sony

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tout l’Univers» frå , den 8. desember 2021.

Kategori:Sveitsiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-songar Kategori:Franskspråklege Eurovision Song Contest-songar