Cédric Sorhaindo () er ein fransk handballspelar, fødd på øya Martinique i Karibia. Han er olympisk meister, firfaldig verdsmeister og dobbel europameister med det franske landslaget. I perioden 2005-20 deltok han i 220 landskampar for Frankrike og skåra 425 mål. Han vann EHF-meisterligaen tre gongar for spanske FC Barcelona og er spansk meister elleve år i rad med den same handballklubben. Sorhaindo er linjespelar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Cédric Sorhaindo» frå , den 28. januar 2022.

Kategori:Franske handballspelarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Frankrike Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Frankrike Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2016 Kategori:Æreslegionen