Olaf Scholz () er ein tysk politikar for SPD frå Osnabrück. Han var forbundskanslar i Tyskland frå 8. desember 2021 til 6. mai 2025.Ray, Michael. (14. juli 2023). Olaf Scholz. Encyclopedia Britannica.

Liv og virke Bakgrunn Olaf Scholz vart fødd i Osnabrück, og hadde sin barndom i Hamburg. Faren hans arbeidde seg opp frå seljar til dagleg leiar i tekstilbransjen. Foreldra og besteforeldra som var jarnbanetilsette, kom frå Hamburg. Scholz er utdanna jurist, og fekk advokatløyvet i 1985. Hans spesialfelt er arbeidsrett.

Scholz er gift med Britta Ernst, tidlegare utdanningsminister i Brandenburg.

Karriere Scholz vart medlem av SPD i 1975, og var aktiv i ungdomsorganisasjonen Jusos, blant anna som føderal nestleiar (1982–1988). Han var leiar for SPD i Hamburg frå 2000 til 2004, og vart valt inn i det føderale styre til SPD i 2001. Frå 2005 til 2007 var Scholz parlamentarisk forretningsførar for SPDs Forbundsdagsfraksjon. Frå mai til oktober 2001 var han senator for innanrikssaker i bystaten Hamburg.

Scholz var medlem av den tyske forbundsdagen frå 1998 til 2001, og på ny frå 2002. Han var generalsekretær i SPD frå oktober 2002 til mars 2004, forbundsminister for arbeids- og sosialsaker frå november 2007 til oktober 2009 og ordførar i Hamburg frå mars 2011 til mars 2018. Perioden februar-april 2018 var han mellombels partileiar i SPD. Den 14. mars 2018 vart han utnemnd til finansminister i Forbundsrepublikken Tyskland, samstundes også visekanslar for Angela Merkel. Scholz hadde desse posisjonane han til i desember 2021 aksla rolla som tysk forbundskanslar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Olaf Scholz» frå , den 16. februar 2022. Denne artikkelen bygger på «Olaf Scholz» frå , den 12. august 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tyske kanslarar Kategori:Tyske politikarar Kategori:Tyske finansministrar